Minerva
Minerva er ei gudinne i romersk mytologi som er knytt til visdom og krigføring og i tillegg kunst, handel, lærdom og handverk.[1] Ho blir ofte framstilt saman med ei ugle ('Minervas ugle'). Motstykket hennar i den greske mytologien er Atene.[2] I romersk mytologi var tilknytinga hennar til krigføring tona ned i høve til det greske motstykket hennar. Ho var heller ikkje knytt til vald slik som Mars, men til strategisk krigføring.[3] Minerva er ein av tre guddommar i Den kapitolinske triaden, i lag med Jupiter og Juno.
Minerva | |||
| |||
Identifisert med | Atene, Senuna, Belisama, Sulis | ||
---|---|---|---|
Mor | Metis | ||
Far | Jupiter |
I etruskisk mytologi blir ho kalla Menrva.
Kjelder
endre- ↑ Candau, Francisco J. Cevallos (1994). Coded Encounters: Writing, Gender, and Ethnicity in Colonial Latin America. University of Massachusetts Press. s. 215. ISBN 0-87023-886-8.
- ↑ Larousse Desk Reference Encyclopedia, Book People, Haydock, 1995, p. 215.
- ↑ Bulfinch, Thomas. (2010). The Age of Fable, or Stories of Gods and Heroes. Neeland Media LLC. ISBN 978-1-59625-257-8. OCLC 1028955021.
- Denne artikkelen bygger på «Minerva» frå Wikipedia på dansk og «Minerva» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2023.