Mirepoix

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Mirepoix (fleirtyding).

Mirepoix er ei nemning frå fransk matlaging for ei blanding av oppkutta lauk, gulrot og selleri. I fransk kokekunst blir denne blandinga brukt som basis i svært mange rettar, til dømes i supper, gryterettar og sausar. Ho kan også brukast som ingrediens når ein lager kjøtkraft, demiglace og buljong (bouillon).

Mirepoix

Ordet er ein vanlig del av terminologien til profesjonelle kokkar, mellom anna i Noreg. Det kjem frå namnet til den første hertugen av Mirepoix, Gaston-Pierre de Lévis-Mirepoix. Kokken hans skal ha funne opp blandinga.[1]

Tradisjonelt er vekttilhøvet mellom lauk, gulrot og selleri 2:1:1.[2]

KjelderEndra