Mirjana Marković

Mirjana «Mira» Marković (10. juli 194214. april 2019[1][2]) også kjend som fru Milošević, var ein serbisk sosiolog, politikar og enka etter den serbiske politikaren Slobodan Milošević.[3][4]

Mirjana Marković
Fødenamn Мирјана «Мира» Марковић
Statsborgarskap Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia, Den føderale republikken Jugoslavia, Russland
Fødd 10. juli 1942
Požarevac
Død

14. april 2019 (76 år)
Sotsji

Yrke journalist
Språk russisk, serbisk
Politisk parti Yugoslav Left, Jugoslavias kommunistforbund
Far Moma Marković
Mor Vera Miletić
Ektefelle Slobodan Milošević
Mirjana Marković på Commons

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Mirjana Marković var dotter av Moma Marković og Vera Miletić, som båe var medlem av partisanane. Tanta hennar, Davorjanka Paunović, jobba som privatsektretæren til Josip Broz Tito. Det har blitt påstått at Paunović var elskarinna til Tito. Mora Vera blei tatt til fange av tyskarane under andre verdskrigen og kan ha blitt avretta mistenkt for å ha gjeve opplysningar til den tyske okkupasjonsmakta.[5] Ein annan versjon av historia er at Miletic blei lurt av lokale fascistar. Omstenda rundt døden til mora er uklåre og dokument om saka forsvann då Milošević kom til makta.

Markovic og Slobodan Milošević møtte kvarandre som tenåringar i Požarevac under eit arrangement av dei militante ungkommunistane, og dei to var eit par sidan. Marković var ein svært ambisiøs og dyktig student, mens Milošević var treig. Ho var professor i marxistisk sosiologi ved universitetet i Beograd.[3] Markovic og Milošević gifta seg i 1965.[6]

Politisk virke

endre

Marković var ein så nær politiske støttespelar og rådgjevar for ektemannen at dei i praksis styrte landet saman. Marković blei også kalla «den raude heksa» på grunn av sin nykommunistiske retorikk[5] eller «Lady Macbeth i Beograd».[3] Ho gav offentleg inntrykk av å vere forsiktig og stillfarande, men var frykta for å være omsynslaus i politikken. Ho var medlem av parlamentet i Den føderale republikken Jugoslavia[7] også etter at Milošević var avsett.[8]

Marković og dottera blei jaga ut av heimbyen Požarevac av aktivistar i april 2001.[9] Marković var leiar av det lille av nykommunistiske jugoslaviske venstrepartiet.[10]

Seinare år

endre

Marković og sonen Marko budde seinare i kvar sin villa i Barvikha ved Moskva.[11] Den vesle byen Barvikha husar fleire avsette statsleiarar i eksil. Marković flytta i eksil i 2003.[12] Ho flykta til Russland etter korrupsjonstiltale i heimlandet. EU låste eigedelane hennar som var anteke delvis å ha blitt tileigna på ulovleg vis. EU oppheva restriksjonane i 2014 då dei ikkje lenger frykta at ho var ein trussel mot demokratiet i regionen.[13] Arrestordren blei suspendert slik at ho kunne reise inn i Serbia i samband med gravferda til ektemannen Milošević i Beograd. Marković let vere å reise til gravferda og serbiske myndigheter utferda arrestordren på ny.[14][15]

Kjelder

endre
  1. Germany, Stuttgarter Zeitung, Stuttgart (14. april 2019). «Milosevics Witwe tot: Serbischer Sender meldet Tod von Mirjana Markovic». stuttgarter-zeitung.de (på tysk). Henta 15. april 2019. «Belgrad - Die Witwe des früheren serbischen Präsidenten Slobodan Milosevic ist tot. Mirjana Markovic sei am Sonntag im Alter von 76 Jahren in einem Moskauer Krankenhaus gestorben, meldete der serbische Fernsehsender RTS.» 
  2. «Milosevic's 'Lady Macbeth' dies at 76». BBC News (på engelsk). 14. april 2019. Henta 14. april 2019. «Mira Markovic, the widow of former Yugoslav president Slobodan Milosevic, has died in Russia at the age of 76» 
  3. 3,0 3,1 3,2 Vulliamy, Ed (8. juli 2001). «Profile: Mira Milosevic». the Guardian (på engelsk). Henta 15. februar 2018. 
  4. Press, Associated (11. mars 2006). «Milosevic dies in his prison cell». the Guardian (på engelsk). Henta 15. februar 2018. 
  5. 5,0 5,1 «Who's who: Milosevic family» (på engelsk). 14. mars 2006. Henta 15. februar 2018. 
  6. «The making of a monster». the Guardian (på engelsk). 10. februar 2002. Henta 16. februar 2018. 
  7. Traynor, Ian (7. mars 2003). «Milosevic's wife to be tried in Belgrade for abuse of office». the Guardian (på engelsk). Henta 15. februar 2018. 
  8. Sweeney, John (3. desember 2000). «Serbia covers up deadly secret». the Guardian (på engelsk). Henta 15. februar 2018. 
  9. Staff and agencies (10. april 2001). «Milosevic wife and daughter expelled». the Guardian (på engelsk). Henta 15. februar 2018. 
  10. «Where power lies». the Guardian (på engelsk). 28. april 1999. Henta 15. februar 2018. 
  11. «Janukovitsj: - Jeg er fortsatt Ukrainas president». VG (på norsk). 27.02.2014. Henta 15. februar 2018. 
  12. Kramer, Andrew E. (28. desember 2012). «Barvikha, Russia, Draws Embattled Leaders Like Assad». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 15. februar 2018. 
  13. «EU lifts 15-year asset freeze on former Yugoslav first lady Mirjana». The Independent (på engelsk). 30. oktober 2014. Henta 15. februar 2018. 
  14. «Belgrade OKs funeral for Milosevic / Government also will remove arrest warrant on wanted wife». SFGate. 14. mars 2006. Henta 15. februar 2018. 
  15. «Belgrade pursues Milosevic wife» (på engelsk). 23. mars 2006. Henta 15. februar 2018.