Mishmar Ayalon (hebraisk skrift מִשְׁמַר אַיָּלוֹן, tyder Ayalon-vakta) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg mellom Latrun og Ramla langs den gamle vegen mellom Jerusalem og Tel Aviv, som ligg oppom den bibelske dalen Ayalon (Josva 10:12), som han har namn etter.[1] Staden høyrer til Gezer regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 417.

Mishmar Ayalon
moshav
Land  Israel
Region Ayalondalen
Distrikt Sentral
Kommune Gezer
Koordinatar 31°52′28.2″N 34°56′45.59″E / 31.874500°N 34.9459972°E / 31.874500; 34.9459972
Folketal 514 (2015)
Grunnlagd 1949
 •  Grunnlagd av Tsjekkoslovakiske immigrantar
Tilhøyrsle Moshavrørsla
Kart
Mishmar Ayalon
31°52′28″N 34°56′46″E / 31.8745°N 34.945997222222°E / 31.8745; 34.945997222222
Kart som viser Mishmar Ayalon.
Kart som viser Mishmar Ayalon.
Kart som viser Mishmar Ayalon.
Wikimedia Commons: Mishmar Ayalon

Moshaven vart grunnlagd i 1949 av ei gar'in-gruppe av Holocaust-overlevande frå Tsjekkoslovakia.

Hovudnæringa i moshaven er jordbruk, hovudsakleg frukt, grønsaker og meieridrift, som er kjend for ost av høg kvalitet. Kunstnaren Jonathan Kis-Lev var fødd i moshaven og landskapet her er motiv i mange av måleria hans.[2]

Kjelder

endre
  1. Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.333, ISBN 965-220-186-3 (English)
  2. Spring of Artists in Gezer (PDF) (på hebraisk), Gezer Municipality, 31. mars 2011, arkivert frå originalen (PDF) 26. september 2013, henta 5. desember 2011 ; Sjå òg Thrope, Samuel (21. mars 2011), "The Metamorphosis: Jonathan Kis-Lev's Jerusalems", Zeek, a Jewish Journal of Thought and Culture, henta 5. desember 2011