Mishmar David (hebraisk skrift מִשְׁמַר דָּוִד, tyder 'Davids vakt') er ein fellesbusetnad sentralt i Israel. Han ligg i Shephelah nær Mazkeret Batya og høyrer til Gezer regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 197. I 2003 vart han den første kibbutzen som vart privatisert.[2]

Mishmar David
fellesbusetnad
Land  Israel
Region Shephelah
Distrikt Sentral
Kommune Gezer
Koordinatar 31°49′21.72″N 34°54′7.92″E / 31.8227000°N 34.9022000°E / 31.8227000; 34.9022000
Folketal 949 (2019)[1]
Grunnlagd 1948
 •  Grunnlagd av rumenske immigrantar
Kart
Mishmar David
31°49′22″N 34°54′08″E / 31.8227°N 34.9022°E / 31.8227; 34.9022
Kart som viser Mishmar David.
Kart som viser Mishmar David.
Kart som viser Mishmar David.
Wikimedia Commons: Mishmar David

Historie

endre

Landsbyen vart grunnlagd som ein kibbutz i 1948 av Holocaust-overlevande frå Romania og tidlegare soldatar,[2] og vart kalla opp etter David Marcus, ein amerikansk oberst som hjelpte Israel under den arabisk-israelske krigen i 1948 og som seinare vart den første generalen i landet. Han vart grunnlagd på land som høyrte til den avfolka palestinske landsbyen Khulda. I 1970-åra tok kibbutzen i mot fleire immigrantar frå Storbritannia. Hovudnæringa var basert på dyrkinga av mais, avokado og druer, i tillegg til ei trykkpresse.

Den kollektive livsstilen gjekk tilbake i 1990-åra. Matsalen til kibbutzen vart stengd i 1994, og i 1999 vart systemet med å bli betalt etter behov avskaffa. I 2003 stemnde 50 personar for og berre ein i mot,[3] og staden vart han omgjort til ein fellesbusetnad, som den første kibbutzen i Israel. Kibbutzen hadde gjeld på 18 million britiske pund,[2] og selde landområde for å få bygd 350 bustadhus, medan resten av landområdet vart gjeve attende til staten. Kvar kibbutzmedlem fekk aksjar i trykkeriet.[2]

Ei arkeologisk utgraving i 2006 avdekte ein gammal omajade-busetnad som dekte seks mål i Mishmar David.[4]

Kjelder

endre