Mishmar HaEmek
Mishmar HaEmek (מִשְׁמַר הָעֵמֶק, tyder Dalvoktaren) [2] er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg vest i Jezreeldalen, og høyrer til Megiddo regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 964.
Mishmar HaEmek | |||
kibbutz | |||
Eit trehus i skogen nær Mishmar-Haemek
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Jezreeldalen | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Megiddo | ||
Koordinatar | 32°36′34.91″N 35°8′30.48″E / 32.6096972°N 35.1418000°E | ||
Folketal | 1 271 (2019)[1] | ||
Grunnlagd | 1922 | ||
• Grunnlagd av | polske immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutz-rørsla | ||
Mishmar HaEmek 32°36′35″N 35°08′30″E / 32.609722222222°N 35.141666666667°E | |||
Kart som viser Mishmar HaEmek.
| |||
Wikimedia Commons: Mishmar HaEmek |
Historie
endreHausten 1942, då det var frykt om ein tysk siger i Midtausten, vart Mishmar HaEmek nytta som ein treningsleir av den britiske hæren. 160 jødiske frivillige, som seinare vart medlemmar av Palmach-greina av Haganah, fekk opplæring av det britiske ingeniørkkorpset innan sabotasje og trådlause operasjonar. Fleire tonn eksplosivar vart gøymde i kassar i området i tilfelle ein tysk okkupasjonen. Då opplæringa var over måtte alt utstyret og eksplosivane gjevast attende britane.[3]
I 1947 hadde Mishmar HaEmek 550 innbyggjarar.[2] Jewish National Fund og Worton Hall Studios lagde ein film i 1947 kalla The Great Promise (Dim'at Ha'Nehamah Ha'Gedolah), og fleire scenar vart filma her.[2][4]
Den 4. april 1948 vart kibbutzen angripen av den arabiske frigjeringshæren.[5] Åtaket byrja med artilleribombardement frå sju artillerivåpen, som den syriske hæren hadde gjeve.[6] Under motåtaket øydela Haganah åtte kringliggande, arabiske landsbyar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mishmar HaEmek» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://citypopulation.de/en/israel/northern/yizreel/0130__mishmar_haemeq/; Wikimedia-import-URL: https://he.wikipedia.org/w/index.php?oldid=29003177.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 122.
- ↑ Naomi Shepherd, "Ploughing the sand - British rule in Palestine 1917-1948".ISBN 0 7195 5707 0. Pages 215-220.
- ↑ Internet Movie Database
- ↑ Benny Morris, "The Birth of the Palestinain Refugee Problem". ISBN 0-521-33028-9. s. 115.
- ↑ Larry Collins/Dominique Lapierre, O Jerusalem. Historie Book Club, London, (1972) (hb). p.281. They count seven 75 millimeter and three 105 millimeter guns.