Misurinavatnet
(Omdirigert frå Misurinasjøen)
Misurinavatnet, eller Misurinasjøen er ein innsjø i Cadore-området i Italia, 1 754 meter over havet. Innsjøen høyrer til kommunen Auronzo di Cadore i Belluno-provinsen. Omkrinsen til innsjøen er 2,6 km, medan han er 5 meter djup. Nær innsjøen ligg om lag 10 hotell. Området rundt innsjøen er kjend for særleg frisk luft for folk med pusteproblem. Nær innsjøen ligg det derfor eit senter for born med astma.
Misurinasjøen | |||
innsjø | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Område | Cadore | ||
Høgd over havet | 1 754 moh. | ||
Areal | 6 km² | ||
Middeldjupn | 5 m | ||
Kystlengd1 | 2,6 km | ||
Koordinatar | 46°34′55″N 12°15′14″E / 46.58194°N 12.25389°E | ||
Misurinavatnet 46°34′55″N 12°15′14″E / 46.581944444444°N 12.253888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Lake Misurina | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo vart skøyteløpa halde på Misurinavatnet. Dette vart dei siste olympiske leikane der skeisetevlingane vart halde på naturleg is.
Kjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lake Misurina frå Engelsk Wikipedia .