Provinsen Belluno

Provinsen Belluno
Nasjon Italia
Region Veneto
Hovudstad Belluno
Areal 3 678 km²
Folketal (2004) 209 550
Folketettleik 57/km²
Kommunar 69
Bilnummer BL
Postnummer 32100
Retningsnummer (tlf) 437
President Sergio Reolon
Plasseringa til Belluno i Italia


Provinsen Belluno (italiensk Provincia di Belluno) er ein provins i regionen Veneto i Italia. Hovudstaden er byen Belluno. Han har eit areal på 3 678 km² og totalt 209 550 innbyggjarar (2004). Det er 69 kommunar i provinsen.

Kommune Innbyggjarar
Belluno 36 112
Feltre 20 122
Sedico 9 174
Ponte nelle Alpi 8 180
Santa Giustina 6 517
Mel 6 288
Cortina d'Ampezzo 6 216
Limana 4 670
Trichiana 4 604
Pedavena 4 435
Agordo 4 225
Longarone 4 114
Cesiomaggiore 4 096
Pieve di Cadore 4 017

Geografi endre

Provinsen Belluno er heller vid og er nesten heilt dekt av fjellområde. I dei austlege områda ligg Dolomittane, inkludert dei kjende toppan Tofane, Marmolada og Tre Cime di Lavaredo. Provinsen er vassrik og av elvar finn ein Piave og sideelvane hennar Boite og Cordevole.

I sør ligg Valbelluna, den breiaste og mest folkesette dalen i provinsen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre