Mitose er ei form for celledeling som gjev to genetisk like datterceller, like cella som delte seg, og med like mange kromosom. Dette er motsetnad til meiose, der talet på kromosom er halvert.

Skjematisk framstilling av mitose øvst og meiose under den tynne streken.
Merk at cella som kjem ut av meiosen har halvparten så mange kromosom som cellene som kjem ut av mitosen.

Mitose vert også kalla vekstdeling, og skjer når ein fleircella organisme veks eller erstatter tapt eller øydelagd vev.


Dei seks mitosefasane

endre

Profase- I den første fasen blir kromosoma kondensert, dupliserte centrosomar separerar seg og blir til spindle polane, miotisk spindle byrjar å bli danna.

Prometafase- Fasen der kjerne konvolutten og kjerne lamina blir brotne ned. Mikrotubulane blir danna frå spindle polane og 'fangar' kromosom para ved kinetochores.

Metafase- Fase der kondenserte kromosom blir linja opp midt mellom polane til miotiske spindle, men har ikkje byrja å flytte seg mot spindle polane.

Anafase- Fasen der søster kromatid separerar seg og bevegar seg mot spindle polane.

Telofase - Kjerne konvolutten blir redanna rundt dei to setta av separerte kromosom, kromosoma dekondenserar og deling av cytoplasma blir fullført.

Cytokinese- Deling av cytoplasma for å danne to datter celler, kvar med kjerne og cytoplasmiske organeller.

Kjelder

endre
  • Molecular Cell Biology, 6ed, Lodish, Berk, Kaiser, Scott, Bretscher, Ploegh, Matsudaira.