La golondrina

(Omdirigert frå Mitt sommarlov)
She Wears My Ring
Song av Jimmy Sweeney
Innspelt 1960
Selskap REO Records
Komponist Narciso Serradell
Tekstforfattar Niceto de Zamacois
Låtskrivar(ar) Felice Bryant, Boudleaux Bryant, Narciso Serradel Sevilla

La golondrina (spansk for 'Svala') er ein song skriven i 1862 av den meksikanske legen Narciso Serradell Sevilla (1843-1910), som på den tida var i eksil i Frankrike. Den spanske teksten bruket biletet om ei svale i fugletrekk på lengselen til heimlandet. Det vart signaturlåten for meksikanarar i eksil. Songen vart spelt inn første gongen i 1906[1] av Señor Francisco.[2][3] Ein gitarinstrumental vart spelt inn av Chet Atkins i 1955. Songen er òg blitt spelt inn av Caterina Valente (1959), Nat King Cole (1962), Plácido Domingo (1984), Flaco Jiménez (1992, instrumental) og Caetano Veloso (1994).[4]

Felice & Boudleaux Bryant skreiv ein engelsk tekst dei kalla, «She Wears My Ring», som først vart spelt inn av Jimmy Sweeney (òg kjend som Jimmy Bell) i 1960 og andre kjende versjonar vart gjort av Roy Orbison (1962), Ray Price og Solomon King (begge 1968) og Elvis Presley (1973).[5]

Songen vert mykje nytta i filmen The Wild Bunch frå 1969, regissert av Sam Peckinpah med musikk av Jerry Fielding.

Songen vart spelt in av den då 13 år gamle Heintje og gjekk til topps på den tyske singellista i august 1968 med tittelen «Du sollst nicht weinen». I juni 1970 spelte den då ni år gamle Anita Hegerland inn songen[6] på svensk som «Mitt sommarlov» og denne toppa Svensktoppen i sju veker[7] og VG-lista i tre veker.[8]

Kjelder endre

  1. https://app.box.com/shared/kg9enr1tds La golondrina (mp3)
  2. «Recordings by 'Senor Francisco'». The Online 78 rpm Discographical Project. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 26 January 2015. 
  3. «Låtar du trodde var svenska - Mitt sommarlov - La golondrina». Arkivert frå originalen 26. oktober 2013. Henta 26 January 2015. 
  4. https://web.archive.org/web/20120509220536/http://instro.pmouse.nl/lagolondrina.htm%C2%A1 Wayback Machine
  5. https://web.archive.org/web/20120509220536/http://instro.pmouse.nl/lagolondrina.htm%C2%A1 Wayback Machine
  6. «En sån dag». Svensk mediedatabas. 1970. Henta 12 May 2011. 
  7. «Svensktoppen - 1970». Henta 26 January 2015. 
  8. «En sån dag». Norwegiancharts. 1970. Henta 12 May 2011. 


Føregangar
«Cotton Fields»
The Beach Boys
Toppen av VG-lista
Anita Hegerland

3 veker, veke 40–veke 42, 1970
Etterfylgjar
«Lookin' Out My Back Door»
Creedence Clearwater Revival