Opna hovudmenyen

Creedence Clearwater Revival (stundom forkorta til Creedence eller CCR) var ei USA-amerikansk rockegruppe som vart grunnlagd i 1967.

Creedence Clearwater Revival
Creedence Clearwater Revival 1968.jpg
Creedence Clearwater Revival, 1968. Frå venstre til høgre: Tom Fogerty, Doug Clifford, Stu Cook og John Fogerty
OpphavEl Cerrito i California i USA
Aktiv19671972
SjangerSwamp-rock
Roots-rock
Rock ’n’ roll
Countryrock
Bluesrock
PlateselskapFantasy Records
Siste medlemmerJohn Fogerty
Tom Fogerty
Stu Cook
Doug Clifford
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Gruppa bestod av frontmannen John Fogerty på sologitar og vokalist, broren hans Tom Fogerty på gitar og korsong, Stu Cook på bassgitar og Doug Clifford på trommer. Musikkstilen var hovudsakleg innan roots-rock og swamp-rock og trass i at dei opphavleg kom frå San Francisco-området, baserte dei seg på ein southern rock-stil og song om bayouar, Mississippi-elva, catfish (maller) og andre populære element frå Sørstatane.

Gjennom dei fem åra gruppa var i aktivitet, gav ho ut mange store hitar. Fleire av songane vert rekna for klassikarar. John Fogerty var gruppas musikalske kraft, og komponerte og skreiv mest alle melodiane og tekstane. Creedence Clearwater Revival er framleis ofte å høyre på radio. Bandet har selt kring 26 millionar plater berre i USA.[1] Creedence Clearwater Revival vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1993.[2] Dei vart rangert på 82. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 største artistane gjennom tidene.[3]

HistorieEndra

Før Creedence: 1959–1967Endra

John Fogerty, Doug Clifford og Stu Cook (alle fødde i 1945) møtte kvarandre på Portola Junior High School i El Cerrito i California og byrja å spele instrumentalar og «juke box-standardar» i lag under namnet The Blue Velvets.[4] Trioen hadde òg med seg korvokalist Tom Fogerty— den tre år eldre broren til John Fogerty på konsertane dei heldt og i platestudio. I 1964 hadde bandet fått kontrakt med Fantasy Records, eit sjølvstendig jazz-selskap i San Francisco på den tida. Fantasy hadde gjeve ut Cast Your Fate to the Wind, ein nasjonal hitt for jazzpianisten Vince Guaraldi. Suksessen til selskapet var tema i ein TV-spesial på National Educational Television, noko som fekk låtskrivaren John Fogerty til å kontakte selskapet.[5] For dei første innspelingane til bandet gav medeigaren i Fantasy, Max Weiss, gruppa namnet the Golliwogs (etter barnebokfiguren Golliwogg), visstnok for å utnytte populære britiske band som hadde liknande namn.

I denne perioden endra rollene i bandet seg. Stu Cook gjekk frå piano til bassgitar og Tom Fogerty vart rytmegitarist i bandet. John Fogerty byrja òg å skrive dei fleste songane til bandet og han tok over på solovokal. Som Tom Fogerty seinare sa, «Eg kunne synge, men John hadde ein eigen stil!»[6]

Den første suksessen: 1967–68Endra

Gruppa fekk eit tilbakeslag i 1966 då John Fogerty og Doug Clifford vart trekt ut til militærteneste. Fogerty kom seg inn i Army Reserve i staden for den vanlege hæren, medan Clifford tente i United States Coast Guard Reserve.

I 1967 kjøpte Saul Zaentz Fantasy Records frå Weiss og gav bandet høvet til å spele inn det første albumet sitt, men berre om bandet skifta namn. Bandet hadde eigentleg aldri likt namnet The Golliwogs og gjekk med på dette. Zaentz og bandet gjekk med på å kome med ti forslag kvar, men gjekk entusiastisk med på det første forslaget deira: Creedence Clearwater Revival. Bandet tok dei tre namna frå venen til Tom Fogerty, Credence Newball, (og la til ein ekstra «e», slik at det likna det engelske ordet for «tru», creed), det andre frå «clear water» frå ein TV-reklame for eit øl frå Olympia og det siste, «revival», synte til at dei fire medlemmane hadde fornya bandet. Andre forslag som ikkje vart brukt var mellom anna 'Muddy Rabbit', 'Gossamer Wump', og 'Creedence Nuball and the Ruby', men sistnemnde var medverkande til det endelege namnet.[7]

I 1968 var Fogerty og Clifford ferdige med militærtenesta. Alle fire medlemmane slutta i jobbane dei hadde og byrja ei hektisk tid med øving og konsertar i lokale klubbar. AM radio-program rundt om i USA hadde merka seg ein song frå plata, «Suzie Q», og vart mykje spelt i San Francisco-området, og på WLS i Chicago. Det var ei nyinnspeling av ein song frå 1956 av rockabilly-artisten Dale Hawkins og var den andre singelen til bandet, og den første som nådde Topp 40 på singellista. Han nådde til slutt 11. plass nasjonalt og vart den einaste Topp 40-hitten til Creedence som ikkje var skriven av John Fogerty. To andre singlar frå debutalbumet, ein versjon av Screamin' Jay Hawkins-songen «I Put a Spell On You» (som nådde 58. plass) og «Porterville» (gjeve ut på Scorpio og tilskriven «T. Spicebush Swallowtail»), skriven av John Fogerty medan han var i militæret.

Stordomstida: 1969–70Endra

Samstundes som bandet spelte mange konsertar rundt om i landet for å utnytte gjennombrotet sitt, arbeidde Creedence Clearwater Revival hardt med andrealbumet Bayou Country ved RCA Studios i Los Angeles. Det kom ut i januar 1969, nådde sjuandeplassen på albumlista og selde til platinaplate. Albumet var den første i ei rekkje hitalbum og singlar dei neste tre åra. Singelen «Proud Mary» med «Born on the Bayou» som B-side, nådde andreplassen på den nasjonale Billboard-lista. Førstnemnde vart etter kvart den mest innspelte songen til bandet, med over 100 versjonar av andre artistar, inkludert ein hit-versjon frå 1971 av Ike & Tina Turner. John Fogerty har sagt at songen kom som følgje av gleda han kjende då han var ferdig med militærtenesta. Albumet inneheld òg ei innspeling av rock & roll-klassikaren «Good Golly Miss Molly» og den ni minuttar lange songen «Keep On Chooglin'», som bandet brukte å avslutte konsertane sine med.

Berre få veker seinare, i mars 1969, gav bandet ut «Bad Moon Rising» med «Lodi» som B-side og singelen nådde andreplassen på singellista. Det tredje albumet til bandet, Green River, kom ut i august og selde til gull, medan singelen «Green River» igjen nådde andreplassen på Billboard-lista. B-sida til «Green River», «Commotion», nådde 30. plass og bandet fortsette å spele inn gamle favorittar med «Night Time Is the Right Time».

I 1969 intervjua Harry Shearer Cook og John Fogerty for radiodokumentaren Pop Chronicles.[8][9]

Creedence forsette å halde mange konsertar og spelte mellom anna på Atlanta Pop Festival og Woodstock. Settet deira er ikkje med i Woodstock-filmen eller det originale konsertalbumet fordi John Fogerty meinte at bandet ikkje spelte godt nok. Fleire songar vart derimot gjeve ut i 1994. Stu Cook sa: «Konserten var klassisk CCR og eg er framleis overraska over kor mange som ikkje veit at me stod øvst på plakaten på Woodstock '69.» Bandet klaga på at dei måtte gå på scenen kl. 03 på natta fordi Grateful Dead hadde spelt så langt over tida si då Creedence byrja å spele, at mange i publikum hadde gått og lagt seg.[7]

Etter Woodstock gjekk Creedence i studio for fjerdealbumet, Willy and the Poor Boys, som kom ut i november 1969. «Down on the Corner» og «Fortunate Son» nådde høvesvis tredje og 14. plass på singellista. Albumet var standard Creedence med originale Fogerty-songar og to omarbeidde Lead Belly-songar, «Cotton Fields» og «Midnight Special». Begge desse songane hadde òg vorte framført av skodespelaren Harry Dean Stanton i filmen Cool Hand Luke, noko som indikerer at han kan ha hatt ein innverknad på albumet.

I 1969 var eit merkverdig år for bandet. Dei hadde tre album på Topp 10, fire hitsinglar (tre på andreplass og ein på tredjeplass) og tre B-sider som nådde Billboard-lista. 16. november 1969 framførte dei «Fortunate Son» og «Down on the Corner» på The Ed Sullivan Show.[10]

Like over nyår i 1970 gav Creedence Clearwater Revival ut den doble A-sida «Travelin' Band»/«Who'll Stop the Rain». John Fogerty har sagt at sistnemnde var inspirert av Woodstock. Den raske «Travelin' Band» hadde nok likskapar til «Good Golly, Miss Molly» til at bandet vart saksøkt av forleggaren for songen. Dei kom til forlik i retten.[11] Samstundes gjekk singelen til andreplassen på singellista. Bandet tok òg opp konserten dei spelte 31. januar 1970 i Oakland Coliseum Arena i Oakland i California, som seinare vart gjeve ut som eit konsertalbum og ein fjernsynsspesial. I februar vart dei fire i Creedence avbilda på framsida av Rolling Stone, sjølv om berre John Fogerty vart intervjua i den tilhøyrande artikkelen.[12]

I april 1970 la Creedence ut på den første turneen sin i Europa. For dette høvet skreiv Fogerty to nye songar, «Up Around the Bend» og «Run Through the Jungle». Singelen - som vart skriven, innspelt og trykt i løpet av få dagar - gjekk til fjerdeplassen den våren. Dei kom attende til Wally Heider sitt studio i San Francisco i juni og spelte inn albumet Cosmo's Factory. Tittelen var ein intern spøk om stadane dei heldt øvingane sine gjennom tidene og at dei arbeidde som fabrikkarbeidarar. Trommeslagaren Doug Clifford hadde kallenamnet «Cosmo» fordi han var interessert i naturen og alt som hadde med kosmos og gjere. Albumet inneheldt dei to tidlegare singlane «Travelin' Band» og «Up Around the Bend», og det populære opningssporet «Ramble Tamble».

Cosmo's kom ut i juli 1970 og inneheldt den femte og siste singelen deira som nådde andreplassen i USA, «Lookin' Out My Back Door»/«Long As I Can See the Light». Sjølv om dei toppa både lokale og internasjonale singellister, klarte Creedence Clearwater Revival aldri å nå toppen av Billboard Hot 100, sjølv om både «Proud Mary» og «Bad Moon Rising» gjekk til topps på Record World-lista, ei liste som var i minst like prestisjefull som Billboard-lista på denne tida. Berre Elvis Presley og Madonna hadde fleire andreplassar på lista (seks) medan The Carpenters hadde like mange. Bandet har derimot flest andreplassar utan nokon gong å nå toppen av lista.[13]

Andre songar frå Cosmo's Factory var den elleve minuttar lange R&B-hitten «I Heard It Through The Grapevine» (som vart korta ned og gjeve ut som singel i 1970-åra, nokre år etter gruppa var oppløyst) og ein nesten identisk innspeling av Roy Orbison sin «Ooby Dooby». John Fogerty nytta seg no av slide-gitar, keyboard, saksofonar, lydbandeffektar og lagvise vokalharmoniar - og han pressa stemma si lenger enn han hadde gjort nokon gong på «Long As I Can See the Light». Albumet vart det mestseljande albumet til Creedence og gjekk rett til topps på Billboard 200 og nådde 11. plass på Billboard's Soul Albums-lista.

Nedgangstid og oppløysing: seint 1970-1972Endra

Innspelinga av Cosmo's Factory hadde ført til gnissingar mellom dei fire i bandet og dei mange konsertane byrja å setje spor. John Fogerty hadde teke fullstendig kontroll over gruppa og situasjonen byrja å tære på Tom Fogerty, Cook og Clifford. Fogerty motstod og meinte at ein «demokratisk» prosess ville ha truga suksessen deira. Dei andre mislikte òg at Fogerty hadde bestemt etter in konsert i Nebraska i 1970 at dei ikkje lenger skulle spele ekstranummer.

Pendulum kom ut i desember 1970, og selde nok ein gong særs godt. Han inneheldt Topp 10-hitten «Have You Ever Seen the Rain?». John Fogerty hadde med Hammond B3-orgel på mange av songane på Pendulum, mellom anna «Have You Ever Seen the Rain?», og forklarte at han var inspirert av og hadde djup respekt for Booker T and The MG's, som han hadde jamma i lag med. B-sida til singelen, «Hey Tonight», var òg ein hit.

Men sjølv ei ny musikalsk retning og vidare suksess løyste ikkje skilnadane mellom John og Tom Fogerty. Under innspelinga av Pendulum hadde Tom Fogerty alt slutta i bandet fleire gonger, men vart alltid overtalt til å kome attende, før han til slutt forlét gruppa for alltid. Dette vart gjort kjent offentleg i februar 1971. Bandet vurderte å erstatte Tom, men men kom aldri så langt. Tom Fogerty sa sidan på australsk TV at ingen nye musikarar kunne halde ut i Creedence.

Våren 1971 sa John Fogerty til Cook og Clifford at bandet skulle fortsetje, men berre med ein «demokratisk» tilnærmingsmåte. Kvart medlem skulle no skrive og synge sine eigne songar. Fogerty skulle òg berre spele rytmegitar på songane til dei andre i bandet. Cook og Clifford, som nettopp hadde ønska meir innverknad i bandet, var usikker på denne måten å gjere det på. Fogerty insisterte på at det måtte bli slik, elles kom han til å slutte i bandet. Trass i misnøye, prøvde bandet ut den nye framgangsmåten i studio, og gav ut singelen «Sweet Hitch-Hiker» i juli 1971, med B-sida «Door to Door» av Stu Cook. Bandet turnerte både i USA og Europa den sommaren og hausten, der Cook song på ein del av songane. Trass i at dei framleis selde godt, vart forholdet mellom dei tre medlemmane stadig dårlegare.

Det siste albumet til bandet, Mardi Gras, kom ut i april 1972, med songar skrivne av Fogerty, Cook og Clifford og ein versjon av «Hello Mary Lou» (ein song Gene Pitney opphavleg hadde skrive for Ricky Nelson.) Albumet fekk dårleg kritikk og Rolling Stone-journalisten Jon Landau kalla det «det verste albumet eg har høyrt av eit stort rockeband».[14]

Mardi Gras selde dårlegare enn dei førre albuma, men var likevel ikkje kommersielt mislukka. Mardi Gras nådde 12. plassen i USA, kanskje meir på grunn av styrken i Creedence-namnet enn musikken på plata. Singelen «Sweet Hitch-Hiker»/«Door to Door» var med på albumet. Fogerty sin «Someday Never Comes» med Clifford sin «Tearin' Up the Country» som B-side, klarte òg å nå Topp 40 i USA. Albumet er det einaste av bandet med songar frå alle medlemmane i bandet, der låtskrivaren og song sin eigen song. Det er kanskje ikkje overraskande at plata har ei usamanhengande kjensle og berre Fogerty-songane har den lett gjenkjennelege Creedence-stilen.

På denne tida var ikkje Fogerty berre uvener med bandmedlemmane, men forholdet til Fantasy Records var òg dårleg, særleg etter at eigaren Saul Zaentz ikkje hadde innfridd ein lovnad om å gje bandet ein betre kontrakt. Trass i at Mardi Gras selde dårlegare enn tidlegare album, og forholdet internt i bandet var dårleg, la Creedence ut på ein to månadar lang turné med 20 konsertar i USA. 16. oktober 1972, mindre enn seks månader etter turneen var over, annonserte Fantasy Records offisielt at Creedence Clearwater Revival var oppløyst.[15] Creedence Clearwater Revival vart aldri formelt samla att etter oppløysinga, men Cook og Clifford starta etter kvart sitt eige band kalla Creedence Clearwater Revisited.

John Fogerty uttrykte tankane sine om bandet og den siste tida i eit svensk magasin i 1997: «Eg var aleine når eg skreiv den musikken. Eg var aleine når eg laga arrangementa, eg var aleine når eg la på korvokal, gitarar og litt andre ting. Eg var aleine når eg produsert og miksa albuma. Dei andre møtte berre opp på øvingane og dagane då me gjorde opptaka. For meg var Creedence som å sitje på ei tidsinnstilt bombe. Me hadde ganske bra suksess med versjonen vår av 'Suzie Q' og det første albumet. Når me gjekk i studio for å spele inn 'Proud Mary,' var det første gong me var i eit verkeleg Hollywood-studio, RCA sitt Los Angeles-studio, og problema våre starta med ein gong. Dei andre i bandet insisterte på å skrive songar for det nye albumet, dei hadde meiningar om arrangementa og dei ønskte og synge. Dei gjekk så langt som at dei la på korvokal på 'Proud Mary,' og det høyrtes fælt ut. Dei brukte tamburinar og det høyrtes ikkje betre ut.»

«Det var då eg forstod valet eg måtte ta. På den tida hadde me berre ein hit, og 'Suzie Q' var ikkje særleg stor hit heller. Anten ville det nye albumet bli ein suksess, noko verkeleg stort, eller så kunne me dra tilbake til jobben med å vaske bilar igjen. Det vart ein stor krangel. Me drog til ein italiensk restaurant og eg hugsa at eg tydeleg sa til dei andre at eg ikkje ønskte å dra tilbake til bilvaskeriet. No måtte me lage eit så godt album som mogeleg og det var ikkje viktig kven som gjorde kva, så lenge resultatet vart det beste me kunne oppnå. Og eg var sjølvsagt den som burde gjere dette. Eg trur ikkje dei andre eigentleg forstod kva dette tydde, men i det minste kunne eg styre situasjonen slik eg sjølv ønskte. Resultetet vart åtte millionseljande singlar på rad og seks album, som alle selde til platinaplate. Og Melody Maker kåra oss til det beste bandet i verda. Dette var etter the Beatles gav seg, men likevel... Og det var eg som hadde skapt alt dette. Trass i det, trur eg ikkje dei forstod kva eg snakka om. Dei var besett om tanken på meir kontroll og innverknad. Så til slutt eksploderte bomba og me arbeidde aldri i lag igjen.»[16]

MusikkstilEndra

Trass i at Creedence Clearwater Revival høyrde heime i California, var gruppa mest inspirert av swamp blues frå Louisiana-regionen. Noko som kjem til syne gjennom mange av songtitlane. Også Vietnam-krigen, som pågjekk under gruppas alle aktive år, ved gjentekne høve er tema i songtekstane. Ved sidan av bluesmusikken var Creedence Clearwater Revival påverka av tidleg, energisk rock ’n’ roll og utøvarar som Little Richard og Jerry Lee Lewis.

Mykje av gruppas særpreg låg i John Fogertys dominerande sologitar og gjenkjennelege songrøyst.

DiskografiEndra

MedlemmarEndra

År Besetning Utgjevingar
1967– februar 1971
  • Creedence Clearwater Revival (1968)
  • Bayou Country (1969)
  • Green River (1969)
  • Willy and the Poor Boys (1969)
  • Cosmo's Factory (1970)
  • Pendulum (1970)
1971–1972
  • John Fogerty – vokal, sologitar, keyboard, munnspel
  • Stu Cook – bassgitar, solo- og korvokal, keyboard, gitar
  • Doug Clifford – trommer, perkusjon, solo- og korvokal
  • Mardi Gras (1972)

KjelderEndra

  1. «Gold & Platinum – March 01, 2010». RIAA. Henta 16. august 2013. 
  2. «Creedence Clearwater Revival». Rockhall.com. Henta 16. august 2013. 
  3. «100 Greatest Artists: Creedence Clearwater Revival». Rolling Stone. Henta 16. august 2013. 
  4. Fong-Torres, Ben (April 5, 1969). «Creedence C'water At the Hop». Rolling Stone (30). s. 9. 
  5. «Fantasy Studios: Alive and Well in Berkeley». Crawdaddy.wolfgangsvault.com. 6. august 2008. Henta 16. august 2013. 
  6. Sullivan, James (May 14, 2010). «John Fogerty Sued for Plagiarizing ... Himself: Twisted Tales». Arkivert frå originalen February 2, 2013. 
  7. 7,0 7,1 Bordowitz, Hank (2007). Bad Moon Rising: The Unauthorized History of Creedence Clearwater Revival. Chicago, Illinois: Chicago Review Press, Incorporated. s. 390. ISBN 978-1-55652-661-9. 
  8. Gilliland, John. «Index to Interviews: E-J». Henta 16. august 2013. 
  9. «Show 54 – Hail, Hail, Rock 'n' Roll: Getting back to rock's funky, essential essence. [Part 3] : UNT Digital Library». Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 1970-January. Henta 16. august 2013. 
  10. «The Ed Sullivan Show: Creedence Clearwater Revival / Jerry Lee Lewis». TV.com. Henta 16. august 2013. 
  11. http://www.thisdayinrock.com/index.php/general/1971-john-fogerty-is-sued-by-the-owners-of-specialty-records-their-suit-accuses/
  12. «Creedence Clearwater Revival Photo Gallery : Rolling Stone». Rolling Stone. 21. februar 1970. Henta 16. august 2013. 
  13. «Most No. 2 Hits Without Reaching No. 1 By Artist». Billboard Magazine. Arkivert frå originalen (PHP) 2012-07-23. 
  14. «Creedence Clearwater Revival: Mardi Gras : Music Reviews : Rolling Stone». Rolling Stone. 25. mai 1972. Henta 16. august 2013. 
  15. Billboard – Google Books. Books.google.com. 28. oktober 1972. Henta 30. august 2010. 
  16. «Blue Moon Swamp Interview». Swedish POP Magazine. (Posted: 1997). Henta 16. august 2013. 

BakgrunnsstoffEndra