Mitzpe Hila (מִצְפֵּה הִלָּה, tyder Hila-utkikkspunktet) eller berre Hila er ein fellesbusetnad nord i Israel. Han ligg i vest i Galileaåsane nær den libanesiske grensa, og høyrer til Ma'ale Yosef regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 572.

Mitzpe Hila
מִצְפֵּה הִלָּה
kibbutz
Land  Israel
Region Vest-Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Ma'ale Yosef
Koordinatar 33°2′6.14″N 35°14′42.03″E / 33.0350389°N 35.2450083°E / 33.0350389; 35.2450083
Folketal 575 (2015)
Grunnlagd 1980
Kart
Mitzpe Hila
33°02′06″N 35°14′42″E / 33.035038888889°N 35.245008333333°E / 33.035038888889; 35.245008333333
Wikimedia Commons: Mitzpe Hila
Nettstad: www.mizpe-hila.com
Utsyn frå Mitzpe Hila

Landsbyen vart grunnlagd i 1980 som ein del av Lookouts in the Galilea-planen, der innbyggjarane budde i prefabrikkerte hus importert frå Sør-Afrika. Han heitte opphavleg Mitzpe Ziv etter Har Ziv, fjellet han ligg på, men fekk seinare namnet Mitzpe Hila.

Katyusha- og Grad-rakettar avfyrt av Hizbollah i 1990-åra råka landsbyen, og det same skjedde under Libanonkrigen i 2006 mot Hizbollah.[1]

Kjelder endre

  1. Bay Area aids Kiryat Shmona Jewish News Weekly, 19 April 1996