Mjødurt
Mjødurt
Mjødurt
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Rosoideae
Slekt: Filipendula
Art: Mjødurt F. ulmaria
Vitskapleg namn
Filipendula ulmaria

Mjødurt er ei urt i rosefamilien. Arten er utbreidd i Europa og Asia. Planta vert kring 80 cm høg og har store stengelblad høgt opp. Blad med store finnar, små mellomfinnar og stor endefinne. Ho har små blomstrar med sterk lukt og fem gulkvite kronblad. Dei dannar snaue småfrukter som er to millimeter lange. Mjødurt blømer kring juni månad på fuktige og sumpige stader, og vanleg gjennom heile Noreg. Ho er funnen opp til 1350 m på Hardangervidda.

Blomestanden til mjødurt

Kjelder

endre
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.