Opna hovudmenyen
Rosefamilien


Knoppar på epletreet Raud Torstein
Epleblomar

Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Rosales
Familie: Rosaceae

Juss

Underfamiliar
  • Rosoideæ
  • Rosefamilien (Rosaceæ) er ein plantefamilie i ordenen Rosales. Han omfattar over 2000 artar fordelt på 100 planteslekter. Det er òg vanleg å dela han i 4 underfamiliar.

    Artane i rosefamilien gjev oss blant anna eple, pærer, kirsebær, moreller, plommer, bringebær, jordbær, nyper og moltar. Familien er svært utbreidd i Noreg med over 100 artar.

    SkildringEndra

     
    Markjordbær med fruktene utanpå bæret.

    Plantane i rosefamilien er tofrøblada og frikrona, ofte fleirårige. Blada er spreidde og fjør- eller handnerva. Dei har ofte òg akselblad nede på bladstilken.

    Blomane er som regel tokjønna og gjerne regelmessige femtalblomar. Reinrose er eit unntak med åttetalblomar, det same gjeld tepperot og marikåpe som har firetallsblomster.

    Fruktene kan vera ei nøtt, ei steinfrukt eller ein kapsel. Mange av plantane får òg falske frukter ved at fruktbotnen skapar ei slags frukt. Dette gjeld til dømes jordbær, der dei eigentlege fruktene sit utanpå bæret, og nyper, der dei ligg inni nypa.

    Underfamiliar med kjende slekterEndra

     
    Abraham Darby-rose
    Foto: biolib.de
    Roseslekta (Rosoideæ)
    Epleslekta (kjernefruktslekta) (Maloideae)
    Steinfruktslekta (Amygdaloideæ)
    Spireaslekta (Spiraeoideæ)
    Slekt uklar

    BakgrunnsstoffEndra

      Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rosefamilien