Leiing tek for seg den styrande delen av arbeidet til ein leiar. Ein leiar har normalt det øvste ansvaret i ei verksemd innanfor offentleg eller privat sektor.[1] Ein skil mellom operativ leiing og formell leiing. I eit selskap vil ei operativ leiing vera ein dagleg leiar, medan formell leiar eller ansvarleg leiar vil vera styreleiar, som med andre ord er juridisk leiar, t.d. signera kontraktar. Leiinga skal syrgja for at oppgåvene og måla verksemda eller organisasjonen har vert gjennomført, ofte med ein tanke om å gjera det på den mest effektive og rimelegaste måten.

Leiing kan seiast å vera situasjonsbestemd. Ein skil mellom autoritær – inkluderande/delegerande og teamleiing. Situasjonen avgjer kva for ein type leiing som vert nytta. Innan operativ leiing vil, i ein gitt situasjon, autoritær leiing vera å føretrekka (forsvaret, utrykkingspoliti som innsatsleiar o.l.). Denne typen leiing stiller store krav til fagleg dugleik, praktisk trening og leiareigenskapar.

Sjølvleiing inneber at ein får medarbeidarar til å leia seg sjølve.[2]

Leiing i offentleg sektor endre

Tradisjonelt sett, etter den andre verdskrigen, har leiing i norsk offentleg administrasjon vore inspirert av teorien til Max Weber kalla det rasjonelle byråkratiet. Dette innebar at dei offentlege verksemdene skulle ha ein hierarkisk struktur ut frå fagkompetanse. Den tilsette med mest kunnskap og erfaring innanfor sektoren hadde oftast leiarstillinga.

På 70-talet fekk ein ein ny styringsparadigme kalla New public management (NPM) som inspirerte seg av privat sektor.[3] I NPM var det ikkje lenger like viktig at leiaren skulle ha den same utdanninga som dei han styrte over. Det vart større fokus på indirekte leiing framfor fagstyrt leiing. Leiing vart eit eige fag og ein kunne utdanna seg til å verta leiar. Leiarane vart meir sjølvstendige frå staten, og kunne driva og organisera verksemda si sjølv. Leiinga måtte likevel ha stort fokus på resultat og kostnadseffektivitet for å nå dei måla som var sett av staten i tildelingsbrevet.

Leiingsteoriar endre

Det finst mange teoriar om leiing som freistar å svara på verknaden og viktigheita av ei leiing, hovudkategoriane inneber:

  • Leiingseigenskapsteoriar – personlegdomstrekk, intelligens og motivasjon til ein leiar.
  • Leiaråtferdsteoriar – opptre eksplisitt som ein leiar.
  • Samspelsteoriar – leiinga er bestemd og vert styrt på bakgrunn av fleire faktorar.[4]
    • Fred E. Fiedler sin samspelsteori (Fiedler's Contingency Theory) leiarrolla er ikkje uniform, teorien drøfter høvet mellom leiar og medarbeidar: graden av struktur i arbeidsoppgåvene og makta leiaren har i eigenskap av si stilling i organisasjonen.[5]
    • Robert Bales sitt skilje mellom sosioemosjonell og taskleiing (The Great Man Theory of Leadership) leiing som transformasjon og transaksjon.[6]

«Leiingsindustri» endre

Tom Karp, professor i leiing ved Høyskolen Kristiania, meiner det har vorte ein leiingsindustri, som lover meir enn ho kan levera. Leiingsindustrien vert driven fram av ulike høgskular og medium, som lever av å selja stadig nye idéar, løysingar, metodar og verktøy til leiarar, resultatet er ein generell påstand om at leiarar bør betalast godt. Samstundes har forsking på leiing utfordringar med å få akademisk anerkjenning, vidare er rammeverket for å studera faget sprikande, og det er ingen allment aksepterte teoriar som kan testast og videreutviklast, til slutt har metodebruk og analysar store manglar.[7]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Jacobsen Dag Ivar og Thorsvik Jan. Hvordan organisasjoner fungerer, 3 utgave. Fagboklaget. 2007 ISBN 978-82-450-0817-2
  2. Henrichsen, Morten. Ledelse i små og mellomstore virksomheter. Fagbokforlaget. 
  3. «New Public Management», Utdanningsforbundet (på norsk), henta 11. januar 2023 
  4. Sagberg, Ingvild (17. januar 2022). «ledelse». Store norske leksikon (på norsk). 
  5. Sagberg, Ingvild (13. april 2021). «situasjonsbestemt ledelse». Store norske leksikon (på norsk). 
  6. Burke, Peter J. (1967). «The Development of Task and Social-Emotional Role Differentiation». Sociometry 30 (4): 379–392. ISSN 0038-0431. doi:10.2307/2786183. 
  7. Tom Karp (3. januar 2021). «Spaltist: Det er skapt en ledelsesindustri som har som agenda å hevde at ledere er viktige». Dagens Næringsliv. Henta 3. januar 2021. 

Vidare lesing endre