Opna hovudmenyen
Mobile
Horisonten til Mobile
Styresmakter
Land
Delstat
County
USA
Alabama
Mobile County
Geografi
Flatevidd 466,34 km²
Innbyggjarar 195 111 (2010)
Mobile i Alabama

Mobile er ein by som ligg sørvest i den amerikanske delstaten Alabama i USA. Mobile er setet for fylket Mobile County. Han ligg ved Mobilebukta i Mexicogolfen.[1] Folketalet er 192 904 (2016), og Mobile er dermed den tredje største byen i Alabama. Mobile er den einaste byen i delstaten med ei djupvasshamn.[2]

OrdsogeEndra

Namnet på byen kjem frå mobile-stamma av urfolk som budde i Mobile Bay då franske kolonistar utforska området.[3] Rundt sju år etter grunnlegginga av den franske Mobile-busetjinga søkte mobile- og tohomé-stammene om løyve frå kolonistane til å busetja seg nær festningen.[4][5]

HistorieEndra

Mobile blei grunnlagt 1711, og var hovudstad i fransk Louisiana fram til 1720.[1]

I populærkulturenEndra

Byen er nemnd i songen Guitar Man av Jerry Reed, som mellom anna er blitt framført av Elvis Presley.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Mobile». Store norske leksikon. 11. september 2018. 
  2. «Alabama Unveils Latest Major Expansion». Port Technology. Henta 8. oktober 2019. 
  3. Thomason, Michael. Mobile: The New History of Alabama's First City, s. 17–20. Tuscaloosa: University of Alabama Press, 2001. ISBN 0-8173-1065-7
  4. Thomason (2001), Mobile, s. 20 og 24
  5. «The Old Mobile Project Newsletter» (PDF). University of South Alabama Center for Archaeological Studies. Henta 19. november 2007. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Mobile i Alabama