Eit modem er eit apparat som modulerer analog eller digital informasjon slik at han kan overførast over ein fysisk kommunikasjonskanal, som til dømes telefonnettet. Ordet modem er samansett av «modulasjon» og «demodulasjon», som syner at apparatet er i stand til å utføra begge desse operasjonane.

Modem.
Modem.

Ulike typar modem

endre

Det finst mange typar modem, for ulike føremål og bitratar. Mange uloke modulasjonstypar er i bruk, som BFSK, BPSK, QPSK, QAM, [[[Coded Orthogonal frequency-division multiplexing|COFDM]], osb.

Telefonmodem

endre

Telefonmodem er modem som vert nytta for å overføra digital data over analoge telefonlinjer. Tidlege versjonar, som V.21, hadde ein bitrate på berre 300 bps og nytta BFSK, med bærebølgjefrekvensar på 1.070 og 1.270 Hz for opprop og 2.025 og 2.225 Hz for svar. Seinare versjonar auka bitraten til 1200 bps og 2400 bps.

ADSL-modem

endre

ADSL-modem nytta COFDM, er i stand til å tilpassa seg eigenskapane til kanalen (linja) og har mykje høgare bitrate enn eldre modem.

Sjå òg

endre