Moffen
Moffen er ei øy som ligg ved utløpet av Wijdefjorden på nordsida av Spitsbergen på Svalbard. Øya er heilt flat og er derfor lett tilgjengeleg for sjøpattedyr. Øya er eit særleg viktig område for kvalross, som finst i store koloniar på øya. Øya er òg ein viktig hekkeplass for fuglar.
Heile øya er ein del av Moffen naturreservat og Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark.