Kvalross

pattedyrart
Kvalross
Hann av kvalross
Hann av kvalross
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av kvalross
Utbreiinga av kvalross
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Underorden: Caniformia
Familie: Odobenidae
Slekt: Odobenus
Art: Kvalross O. rosmarus
Vitskapleg namn
Odobenus rosmarus

Kvalrossen er ein stor selart som finst i Arktis. Han er den største selarten i norske farvatn, og er mest kjend for dei karakteristiske støyttennene sine. Namnet kjem av norrønt hrossvalr («heste-kval»), men trass i dette er ikkje dyret i nær slekt med korkje kval eller hest.

Skildring endre

 
Skjelett av kvalross

Kvalrossen er den største selarten i norske farvatn, med ei gjennomsnittslengd på 2,5-3,5 meter og ei vekt på mellom 700 og 1600 kg. Eksemplar i det nordlege Stillehavet kan vega godt over to tonn.

Det mest karakteristiske trekket til kvalrossen er dei lange støyttennene. Dette er omdanna hjørnetenner som i snitt er 50 cm lange og har vore viktige handelsvarer i lang tid. Kvalrossane sjølv nyttar dei til å nedlegga bytte og til å forsvara seg mot predatorar. Hannane nyttar dei òg i territoriekampar. Som eit forsvar mot artsfrender har desse difor særs tjukk hud, særleg i nakkeregionen. På sitt tjukkaste kan han bli heile 15 cm tjukk.

Levevis endre

Kvalrossen er eit relativt sosialt dyr, som kan samla seg i store mengder på strender og isflak. Dei brukar òg mykje tid i vatnet, der dei tek til seg føda si. Stundom fangar dei fisk; større hannar kan òg jakta på mindre selar som ringsel, men som regel beitar dei på muslingar på botnen. Dei tek òg krepsdyr, sjøpølser, ymse blautdyr og somme kappedyr. Muslingane vert greven opp med snuta til dyret og sogne ut or skalet.

Kvalrossen har berre to naturlege fiendar; isbjørnen og spekkhoggaren. Isbjørnen angrip berre om han svelt; støyttennene utgjer eit for stort trugsmål til at han går til åtak utan at det er direkte naudsynt.

Formeiring endre

Kvalrosshannane vert vanlegvis kjønnsmogen som tiåring, men ved somme høve kan individ ned til sju år få avkom. Eggløysinga hjå hoene startar som regel når dyret er mellom 4 og 6 år gamalt. Før paringstida, som er frå januar til mars, feitar dyra seg skikkeleg opp; i sjølve paringstida et dei nemleg knapt og treng såleis eit feittlag å tæra på.

Brunsttida for hoer er i februar og på seinsommaren, men sidan hannane berre er i brunst i februar foregår paringa om vinteren. Sjølve akten foregår i vatnet eller sidelengs på eit isflak. Det er hoene som vel partnarane sine; dei ligg på isflak og ser korleis hannane viser seg fram i vatnet. Konkurransen hannane imellom om plass til å visa seg fram på er hard.

Ungane vert fødd på land eller på isflak. Hoa går drektig i 15-16 månadar før kalven vert fødd mellom april og juni, ein meter lang og er symjedyktig frå fødselen av. Han syg mjølk or mor si i mellom 8 og 11 månadar før han tek til å eta muslingar og fisk som dei vaksne. Ungar heldt seg med mora i 2 til 4 år etter at dei er avvent.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kvalross