39°46′N 32°48′E / 39.767°N 32.800°E / 39.767; 32.800

Mogansjøen

Mogansjøen (tyrkisk Mogan Gölü, òg kalla Gölbaşı Gölü) er ein liten innsjø i provinsen Ankara i Tyrkia.

Innsjøen ligg 25 km sør for Ankara i bydistriktet Gölbaşı. Langs austsida går hovudvegen D-750, som går gjennom Tyrkia frå nord til sør. Innsjøen ligg 972 meter over havet og er 5,61 km² stor. Kystlengda er kring 14 km. Innsjøen er 11 km lang og kring 500 meter brei. Middeldjupna er kring 5 meter.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre