Molly Pitcher er eit kallenamn for ei kvinne som skal ha kjempa under den amerikanske revolusjonskrigen. Ho blir oftast identifisert som Mary Ludwig Hays, som kjempa i slaget ved Monmouth i juni 1778. Ei anna mogleg kvinne er Margaret Corbin, som hjelpte til med å forsvara Fort Washington i New York i november 1776

Illustrasjon av Molly Pitcher frå rundt 1912.

Likevel har det vakse fram mange ulike Molly Pitcher-soger, og mange historikarar reknar «Molly Pitcher» som folklore snarare enn historie, eller meiner at Molly Pitcher kan vera ein samansett figur inspirert av handlingane til fleire ulike verkelege kvinner. Sjølve namnet kan ha opphav i eit kallenamn gjeve til kvinner som bar vatn til menn på slagmarka under krigen.

Mary Ludwig Hays endre

Gjerningane i historia om Molly Pitcher blir gjerne tilskrivne Mary Ludwig Hays. Hays var gift med William Hays, ein artillerist i den kontinentale hæren. Ho slutta seg til han ved vinterleiren til hæren i Valley Forge i 1777, og var til stades under slaget ved Monmouth, der ho tente som vasstransportør. Då mannen fall tok ho plassen hans med å lada kanonen, og etter slaget blei ho rost av George Washington.

Hendinga blei gjenfortald av Joseph Plumb Martin i eit memoar som kom ut i 1830.

Margaret Corbin endre

Soga om Margaret Corbin har likskapstrekk med den om Mary Hays. Margaret Corbin var kona til John Corbin frå Philadelphia i Pennsylvania, som også var artillerist i den kontinentale hæren. 16. november 1776 var John Corbin ein av 2 800 amerikanske soldatar som forsvarte Fort Washington på Nord-Manhattan mot 9 000 angripande hessiske troppar under britisk kommando. Då John Corbin blei såra og drepen, tok Margaret plassen hans ved kanonen og heldt fram med å skyta til ho blei alvorleg såra i armen. I 1779 blei Margaret Corbin tildelt ein årleg pensjon på 50 dollar av staten Pennsylvania for heltemotet sitt i kamp. Ho var den første kvinna i USA som mottok ein militær pensjon. Kallenamnet hennar var «Captain Molly».[1]

Deborah Sampson endre

Deborah Sampson har òg blitt lagt fram som ein mogleg inspirasjon for Molly Pitcher.[2] Sampson forkledde seg som ein mann og gjekk inn i hæren under eit falskt namn. Den glatte huda og høge stemmen gjorde at ho fekk tilnamnet «Molly» av kollegaene sine. Etter å ha gått ut at hæren søkte ho om pernsjon som veteran og fekk han, den eine av berre to kvinner (den andre var Corbin) til å motta ein slik.

Identifisering endre

Historikaren Emily Teipe har undersøkt den moglege identiteten til Molly Pitcher og lagt fram desse tre moglege kvinnene, men har òg påpeika at «Dei historiske kjeldene presenterer andre kandidatar som er for talrike til å nemna» og hevdar at «namnet Molly Pitcher er eit kollektivt generisk omgrep, mykje som 'GI Joe' »; han fungerer som ein felles merkelapp for dei «hundrevis, kanskje tusenvis av kvinnene [som] tente ikkje berre som ammunisjonskoner, bemanna og avfyrte pistolane, men også i hæren og kolonimilitsen».[3]

Minne endre

Føderale endre

 
Molly Pitcher-frimerke frå 1928.
 
Støtte ved Molly Pitcher Spring

I 1928 blei Molly Pitcher æra med overtrykket "MOLLY / PITCHER" på eit amerikansk frimerke. Tidlegare same året var det planlagt feiringar av 150 -årsjubileet for slaget ved Monmouth. Frimerkesamlarar bad det amerikanske postkontoret om eit minnestempel for å markera jubileet. Etter å ha fått fleire avslag, skaffa kongressmedlemmen for New Jersey, Ernest Ackerman, som sjølv var frimerkesamlar, hjelp frå majoritetsleiaren i huset, John Q. Tilson.[4] Generalpostmeisteren Harry New nekta standhaftig å utskriva eit minnestempel som spesifikt markerte slaget eller Molly Pitcher, men gjekk til slutt med på eit påtrykk på vanleg Washington-frimerke til 2 cent av namnet «Molly Pitcher».[4]

Molly blei endeleg avbilda på eit påtrykt frimerke på eit postkort gjeve ut i 1978 for 200-årsjubileet for slaget.[5]

Under andre verdskrigen blei eit libertyskip kalla SS «Molly Pitcher» sjøsett i 1943. Det blei torpedert seinare same året.

Strekninga av US Route 11 mellom Shippensburg i Pennsylvania og Maryland er kjend som Molly Pitcher Highway.

Field Artillery og Air Defense Artillery i den amerikanske hæren har skipa til ein æresorden, Honorable Order of Molly Pitcher. Medlemskap i ordenen blir gjeven til konene av artilleristar ved ein seremoni på festdagen til heilage Barbara. Ordenen ærer individ som frivillig har bidrege på ein viktig mote til å forbetra fellesskapen kring greinene.

Kjelder endre

  1. Koestler-Grack, Rachel A. Molly Pitcher: Heroine of the War for Independence. Philadelphia: Chelsea House Publishers, 2006. ISBN 0-7910-8622-4.
  2. Will the Real Molly Pitcher Please Stand Up? Teipe, Emily J.
  3. Will the Real Molly Pitcher Please Stand Up? Teipe, Emily J.
  4. 4,0 4,1 Hotchner, William M. (25. august 2008). «The scandal surrounding the Molly Pitcher overprint stamp of 1928». Linn's Stamp News (Amos Press Inc.). s. 6. 
  5. United States Postal Cards UX77, multicolored, lithographed, issued September 8, 1978, in Freehold, New Jersey. Bicentennial of the Battle of Monmouth on June 28, 1778, and to honor Molly Pitcher (Mary Ludwig Hays)