Moltekrem er ein norsk dessert laga av molte (i bærform eller som syltetøy), piska kremfløyte og sukker. Retten kan serverast for seg i ein bolle, eller fylt i krumkaker.

Moltekrem.

Moltekrem er ein vanleg juledessert, og var ifølgje ei undersøking 2006 den vanlegaste desserten julaftan i Trøndelag og Nord-Noreg, der 31 % av dei spurde åt moltekrem den dagen. I heile landet var retten den nest vanlegaste, ete av 20 % mot 44 % som åt riskrem. Moltekrem var meir utbreidd blant eldre enn unge.[1]

Kjelder

endre
Fotnotar

Bakgrunnsstoff

endre
  Moltekrem. Oppskrift i Kokebok på Wikibøker.