Moltke Nunataks
Moltke Nunataks er ei nunatakrekkje som går frå nord til sør nær nordaustenden av Filchnerisen i Antarktis. Ein nunatak vart først grovt kartlagd og namngjeven «Moltke Nunatak» av Den tyske antarktisekspedisjonen, 1911–12, under Wilhelm Filchner. Han namngav han etter general Helmuth von Moltke, som var leiar for den tyske generalstaben. I løpet av 1950-åra indikerte britiske, argentinske og amerikanske ekspedisjonar at det var ei gruppe på fire eller fem nunatakar i området.
Moltke Nunataks | |||
nunatak | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Coats Land | ||
- koordinatar | 77°58′S 35°30′W / 77.967°S 35.500°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Moltke Nunataks 77°58′00″S 35°30′00″W / 77.9667°S 35.5°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Moltke Nunataks» (innhald frå Geographic Names Information System).