Rørslemengd

(Omdirigert frå Momentum)
Partikkelfysikk
Teoriar
Standardmodellen
Kvantemekanikk
Kvantefeltteori (QFT)
Kvanteelektrodynamikk (QED)
Kvantekromodynamikk (QCD)
Den spesielle relativitetsteorien
Vekselverknad
Sterk kjernekraft
Elektromagnetisme
Svak kjernekraft
Gravitasjon
Fargekraft
Eigenskapar
Energi
Rørslemengd
Elektrisk ladning
Spinn
Paritet
Isospinn
Svakt isospinn
Fargeladning

Rørslemengd, momentum, massefart, impuls, rørslestorleik eller driv er ein fysisk storleik. I klassisk fysikk er ho definert som masse multiplisert med snøggleik. Rørslemengd er ein vektor, dvs. det er ein storleik med retning i rommet. Vanleg symbol er p og SI-eininga er kilogram * meter per sekund eller kg ms-1. Rørslemengd er ein svært sentral storleik i fysikken sidan ho, i motsetnad til snøggleik, er ein bevart storleik i kollisjonar og andre gjensidige kraftutvekslingar.

Definisjon endre

I newtonsk mekanikk er rørslemengda definert som produktet av masse og snøggleik. Ein vektor i rommet har tre komponentar, og dermed har ein

 .

For et system samensett av fleire delar, er den totale rørslemengda summen av rørslemengda til kvar enkelt del

 ,

der summen er ein vektoraddisjon.

Newtons lover endre

Newton sine lover kan formulerast ved hjelp av omgrepa kraft og rørslemengd.

  1. Newton si første lov seier at rørslemengda er uendra når ingen krefter virkar.
  2. Newton si andre lov seier at ei kraft F som virkar over tid endrar rørslemengda, dvs.  .
  3. Newton si tredje lov seier at ei kraft har ei like stor og motsett retta motkraft. Dette impliserer at summen av rørslemengda er bevart når kraft og motkraft er i same system.