Mona Fossdal (fødd 1970) er ein norsk grafisk designar og illustratør, forfattar og avdelingsleiar.

Mona Fossdal

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1970 (54 år)
Yrke lærar, skribent

Fossdal er frå Vaksdal i Hordaland, men har sidan 1995 budd i Sogn og Fjordane (i Jølster, Førde og Eikefjord). Fossdal har hovudfag (master) i grafisk design og illustrasjon ved Kunsthøgskolen i Bergen, master i Organisasjon og leiing ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), pedagogisk utdanning frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, og høgare utdanning innan IKT, mediefag og kunsthistorie.

Frå 1995 til 2014 arbeidde Fossdal som lektor ved Mo og Jølster vgs. Frå 2014 fram til i dag har ho vore tilsett som avdelingsleiar i mediefag og kunstfag ved Hafstad vgs i Førde. Ho har dei siste åra skrive, illustrert og designa ei rekkje biletbøker for barn.

Bibliografi endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre