Eikefjord
|
Eikefjord er ei bygd i Kinn kommune i Vestland og tidlegare kommune i Flora i Sogn og Fjordane fylke. Bygda ligg ved Riksveg 5, mellom Florø og Førde, 23 km aust om Florø og 33 km vest om Førde. Dersom ein reknar med områda som soknar til Eikefjord barne- og ungdomsskule har bygda, etter data frå SSB, eit innbyggjartal på 1285 i 2007.
GeografiEndra
Bygda Eikefjord femner om grendene eller grunnkrinsane Endestad/Løkkebø, Langedal/Ramsdal, Svardal/Steindalen, Høydalane, Steinhovden, Nyttingnes, Sandvika, Tonheim/Grov, Barlindbotn, Hovland/Kvalvik, Eikefjord og Sunnarvik i kraft av å ha sentrumfunksjonar som skule, post, bank, butikkar, bussknutepunkt og ulike lag og organisasjonar for desse.
HistorieEndra
I ein periode på 41 år frå 1923 til 1964 var Eikefjord ein kommune som femnde områda kring Eikefjorden og dalføret austover mot Ramsdalsheia. Eikefjord vart 1. januar 1923 skild ut frå Kinn som eigen kommune. 1. januar 1964 vart kommunen slegen saman med Kinn, Bru og Florø til Flora kommune.
I perioden frå om lag 1935 til om lag 1969 var det fleire mindre fabrikkar som dreiv med produksjon av tønner i Eikefjord.
FolketalsutviklingEndra
Folketalsutvikling for tidlegare Eikefjord kommune frå 1923 til 1964:
1.1.1923[1] | 1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3] | 1.1.1961[3] | 1.1.1964[1] |
---|---|---|---|---|---|
929 | 960 | 1012 | 1068 | 978 | 919 |
Kultur og idrettEndra
Eikefjord kyrkje vart oppført i 1812. Kyrkja vart i 1874 ombygd til krosskyrkje med 350 sitjeplassar.
Eikefjord ungdomslag vart oppretta i 1901.
Eikefjord idrettslag vart stifta i 1967.
Personar med tilknyting til EikefjordEndra
- Gitarist Steinar Karlsen i bluesbandet Good Time Charlie
- Øyvind Solheim og Kristian Stockhaus i rockegruppa Ungdomskulen.
- Styrkeløftar Jørn Høyseth.
- Fotballspelar Margun Humlestøl
- Lokalhistorikar og bladmann Albert Joleik
FotnotarEndra
- ↑ 1,0 1,1 «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» av Dag Juvkvam for Statistisk sentralbyrå.
- ↑ 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 3,0 3,1 Folkemengd i Eikefjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
BakgrunnsstoffEndra
- Eikefjord.net
- Matrikkelutkastet av 1950 - Gardane i Eikefjord
- Google sitt satellittkart over området.
Arkiv frå Eikefjord kommuneEndra
- Fattigstyret Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine.. Frå Arkivportalen.no
- Formannskapet. Frå Arkivportalen.no
- Skulestyret. Frå Arkivportalen.no