Mondorbreen
Mondorbreen er ein isbre 6 km lang som flyt sørvest frå enden av Depotbreen ut i Duse Bay på Trinityhalvøya. Denne breen og Depotbreen fyller i lag søkket mellom Hope og Duse Bay som markerer nordenden av Tabarin Peninsula. Han vart kartlagt i 1946 og 1956 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS), som namngav breen i samband med Tabarin Peninsula. «Operasjon Tabarin» (føregangaren til FIDS) fekk namnet sitt frå «Bal Tabarin» i Paris. I Recueil General des Oeuvres et Fantaisies de Tabarin, var Tabarin bajasen som kalla til seg folk der Mondro selde kvakksalvarmedisinen sin.
Mondorbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Trinityhalvøya | ||
- koordinatar | 63°28′S 57°8′W / 63.467°S 57.133°W | ||
Lengd | 6 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mondorbreen 63°28′00″S 57°08′00″W / 63.4667°S 57.1333°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mondor Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).