Monica Knudsen

norsk fotballspelar

Monica Knudsen (fødd 25. mars 1975) er ein norsk tidlegare fotballspelar og seinare -trenar frå Arendal, ei av dei som vart olympisk meister med Noreg under Sommar-OL 2000 i Sydney. Ho spelte i ni sesongar, 1995-2003, på topplaget Asker SK og var med å vinne to seriegull og eitt cupmeisterskap. På 2010-talet var Knudsen trenar for eit LSK-mannskap som tok heile ni nasjonale meistertitlar.

Monica Knudsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. mars 1975 (48 år)
Arendal
Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 2000

Spelar endre

Knudsen møtte den norske toppserien som Donn-spelar. Frå 1995 tok ho plass på midtbana til det norske topplaget Asker SK. Gjennom iherdig innsats bidrog ho mykje både i det defensive og offensive spelet til Asker-laget, eit lag som sanka to seriemeisterskap og ein kongepokal i åra 1998-2000. 2004-sesongen gjorde Knudsen teneste hos Fortuna Hjørring i den danske toppserien. Ho avslutta med to sesongar i det som då vart kalla Team Strømmen (seinare LSK).

Knudsen spelte 87 landskampar og skåra seks mål i tida 1998-2003. Ho deltok både i Fotball-VM 1999 og 2003, Sommar-OL 2000 og EM i fotball 2001. Knudsen spelte i alle Noregs kampar då laget vann OL-gull i Sydney. Ho var også med då Noreg under europameisterskapen 2001 i Tyskland tapte 0-1 mot vertslandet i semifinalen.

Trenar endre

Knudsen hadde stor suksess som trenar med LSK i tida 2010-17. LSK-laget vann då fem seriemeisterskap; 2012, -14, -15, -16 og -17, og fire rake cupmeisterskap; 2014, -15, -16 og -17. Sidan 2018 har ho vore trenar for kvinnelaget til Vålerenga IF.

Merittar, spelar endre

  • Olympisk meister: 2000 med Noreg
  • Seriemeister: 1998 og 1999 med Asker SK
  • Noregsmeister: 2000 med Asker SK

Kjelder endre