Monique Wittig
Monique Wittig (13. juli 1935–3. januar 2003) var ein fransk forfattar og feministisk teoretikar.[1]
Monique Wittig | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 13. juli 1935 Dannemarie |
Død |
3. januar 2003 (67 år) |
Yrke | essayist, romanforfattar, filosof, universitetslærar, skribent, aktivist |
Språk | fransk |
Medlem av | Gouines rouges, Tusenfryder, Mouvement de libération des femmes, Front homosexuel d'action révolutionnaire |
Ektefelle | Sande Zeig |
Monique Wittig på Commons |
Wittig var fødd i Dannemarie i Haut-Rhin. I 1964 gav ho ut den fyrste romanen sin, barndomsromanen L'Opoponax. Ho deltok i grunnlegginga av Mouvement de libération des femmes og seinare òg av Gouines rouges, den fyrste organisasjonen for lesbiske kvinner i Paris. I 1969 gav ho ut ut det utopiske feministiske verket Les Guérillères, som fekk stor tyding for den nye kvinnerørsla i Frankrike, og i 1973 den skjønnlitterære Les Corps lesbien. Eit sentralt omgrep for henne var den heteroseksuelle kontrakten, som ho rekna for å vera det underliggande grunnlaget for korleis kjønn blir definert i heterodogmatiske samfunn, og meinte at oppheving av kjønnsidentitetar er naudsynleg for å oppnå full identitet og fridom for enkeltpersonar. Eit utval av dei teoretiske artiklane hennar blei publiserte i La Pensée straight (2001).[2]
Kjelder endre
- ↑ 1,0 1,1 «Monique Wittig, 67, Feminist Writer, Dies (Published 2003)» (på engelsk). 12. januar 2003.
- ↑ «Monique Wittig». Nationalencyklopedin. Henta 30. mars 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Monique Wittig» frå Wikipedia på svensk, den 9. august 2023.