Monique van der Vorst

Monique van der Vorst (fødd 20. november 1984 i Gouda) er ein nederlandsk syklist. Ho har to sølvmedaljar frå Dei paralympiske leikane i 2008.

Monique van der Vorst
Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 20. november 1984 (39 år)
Gouda
Idrett triatlon, friidrett, sykkelsport
Tok del i

Paralympiske sommarleikar 2008

Då ho var 13 år vart ho lam i det venstre beinet etter ein operasjon. I 2008 vart ho påkøyrd av ein bil og fekk store skadar i ryggmergen. To år seinare, i mars 2010, då ho var 25 år, vart ho påkøyrd av ein annan syklist. Ei stund etter hendinga fekk ho kjensla attende i beina.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre