Monosjøen

(Omdirigert frå Mono Lake)

Monosjøen er ein endorheisk og monomiktisk saltsjø som ligg i Mono County i den amerikanske delstaten California. Innsjøen blei til for minst 760 000 år sidan, og ligg midt i eit ørkenområde. Sidan Monosjøen ikkje har utløp, har han ein høg saltkonsentrasjon som gjer vatnet alkalisk.

Monosjøen
innsjø
Monosjøen sett frå Mount Dana.
Land  USA
Stat California
Fylke Mono County
Utløp Ingen
Høgd over havet 1 945 moh.
Lengd 21 km
Breidd 15 km
Areal 180 km²
Volum 3 km³
Kart
Monosjøen
38°01′00″N 119°00′34″W / 38.0165908°N 119.0093116°W / 38.0165908; -119.0093116
Wikimedia Commons: Mono Lake

Det lever saltsjøkreps i innsjøen, som saman med flugearten Ephydra hians dannar næringsgrunnlaget til eit hekkeområde med rundt to millionar trekkfuglar som kjem hit kvart år. I sjøen finst det også ein ekstremofil bakterie kalla GFAJ-1.

Monosjøen er også kjend for dei søyleliknande kalksteinsformasjonane sine, tufa, som har inspirert ulike kunstnarar. Storm Thorgerson sitt fotografi The Diver til Pink Floyd-albumet Wish You Were Here er til dømes teke ved Monosjøen.

Galleri endre

Kjelder endre