Opna hovudmenyen

Mons Ivar Mjelde

norsk fotballspelar

Mons Ivar Mjelde (fødd 17. november 1967) er ein norsk fotballtrenar og tidlegare spelar frå HausOsterøy. Han er no trenar i eliteserieklubben IK Start.

Mons Ivar Mjelde
Mons Ivar Mjelde.JPG
Personleg informasjon
Fødd 17. november 1967 (52 år)
Fødestad Osterøy
Posisjon Angrepsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)


1989-1990
1991-1992
1992-1994
1994-1995
1996-2001
2001
1989-2001
Hausvik
Moster
Brann
Bryne
Lillestrøm
Austria Wien
Brann
Sogndal (lån)
Totalt


31 (7)
37 (12)
53 (29)
62 (28)
97 (48)
7 (2)
287 (126)
Landslag
1993 Noreg 3 (2)
Trenar for
2001-2003
2003-2008
2009
2011
2011-
Brann (Assistenttrenar)
Brann
Bryne
Valestrand Hjellvik
Start
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KarriereEndra

Mons Ivar «mål-Mons» Mjelde var ein rutinert spiss og dyktig med hovudspel. Han var to sesongar i Austerrike og returnerte heim til Brann og Osterøy sumaren 1996. Han var på utlån til Sogndal i 2001. Han spela 160 kamper for Brann (128 serie) og laga 72 mål (55 serie). I sesongen han kom heim frå Austerrike (1996) laga han 19 mål på 15 kamper i serien.

Som spelar har Mjelde har 3 A-landskampar kor han laga 2 mål. Han fekk Kniksen-prisen i 1996 som «Beste Angripar», seriesølv i 1997 og 2000, seriebronse i 1999, cupsølv i 1999, og kom til kvartfinale i Cupvinnarcupen i 1996/97.

Han slutta som spelar i august 2001 og tok over jobben som trenar for Branns reservelag. Då Teitur Thordarson slutta som hovudtrenar i Brann i desember 2002 overtok Mjelde jobben som hovudtrenar. Som trenar har han leia Brann til cupgull i 2004 og seriegull i 2007 og er såleis ein av dei mest suksessrike Brann-trenarane i historia. Han var hovudtrenar for Sportsklubben Brann 2003 til 2008.

Mons Ivar Mjelde annonserte 7. oktober 2008 han kom til å trekke seg som hovudtrenar for Brann etter sesongen var over.

Tida etter BrannEndra

1. juni 2009 blei Mons Ivar Mjelde presentert som ny Bryne-trenar. Adeccoligaklubben, som låg på nedrykksplass vart sikra plass i ligaen for neste sesong under leiarskapen til Mjelde. Mjelde trente klubben resten av året.

Mjelde trente også Osterøyklubben Valestrandfossen Hjellvik Fotball ein periode i 2009. Frå 12. juli 2011 tok han over som hovudtrenar i IK Start.

Karriere som spelarEndra

Karriere som trenarEndra

Klubb Stilling Periode Prestasjonar
  Sportsklubben Brann trenar reservelag 2001-2003
  Sportsklubben Brann hovudtrenar 2003-2008
  Hausvik FK Hovudtrenar 2009 http://www.ba.no/sport/fotball/article4165622.ece
  Bryne FK Hovudtrenar 2009
  Valestrandfossen Hjellvik Fotball Hovudtrenar 2009
  IK Start Hovudtrenar 2011-

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mons Ivar Mjelde