Opna hovudmenyen

Haus eller Hausvik er ein tettstad i Osterøy kommune i Hordaland fylke. Tettstaden har 611 innbyggjarar per 1. januar 2017. Staden ligg på sørvestsida av Osterøya. Om lag 1,5 km sør for Hausvik, på Kvistineset, går Osterøybrua over til Bergenshalvøya. Før var dette kommunesenteret i Haus kommune. Haus var også ferjestad for ferja mellom Haus og Garnes.

Haus
tettstad
Haus.JPG
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Osterøy
Areal 0,37 km²
Folketal 611 (2017)
Folketettleik 1 651 / km²
Postnummer 5286 HAUS
Innbyggjarnamn hausing

Haus var tidlegare ein eigen kommune. Ved kommuneendringane i 1964 vart det av fastlandsdelen skipa ein ny kommune som fekk namnet Arna. I dag er dette området ein del av Bergen kommune, medan delen av den gamle kommunen som låg på Osterøya, er del av Osterøy kommune.

Innhaldsliste

Haus kommune 1837-1964Endra

Haus formannskapsdistrikt vart oppretta i 1837. 1. januar 1870 vart området delt i Haus og Bruvik kommunar. Ved delinga hadde Haus 4229 innbyggarar. 1. januar 1964 vart den delen av Haus som låg på Osterøy overført til den nyoppretta Osterøy kommune. Samstundes vart fastlandsdelen av Haus kommune eigen kommune med namnet Arna kommune.

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for tidlegare Haus kommune frå 1870 til 1964:

1.1.1870 1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1964[3]
4229 5396 5619 7812 8902 10 400 11 185

KyrkjesoknEndra

Haus er også namnet på eit kyrkjesokn i Bjørgvin bispedøme. Haus sokn omfattar den sørvestre delen av Osterøya.

Kjende personar frå HausEndra

KjelderEndra

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 Folkemengd i Haus 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

BakgrunnsstoffEndra