Mons Larsson Eggum

Mons Larsson Eggum (27. desember 178711. mai 1867) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Sogndal i Sogn.

Mons Larsson Eggum
Fødd 27. desember 1787
Sogndalsfjøra
Død

11. mai 1867 (79 år)
Sogndalsfjøra

Yrke bonde, politikar

Eggum var son til ein gardbrukar på Bjedla i Sogndal. Han var i 12 år skulehaldar. Kring 1818 gifta han seg til garden Eggum, og dreiv denne. Han var kjend som ein flink jorddyrkar. Perioden 1837-45 var han medlem av heradsstyret i Sogndal, dei fire fyrste åra i formannskapet. Frå 1841 var han sparebankdirektør og elles presten sin medhjelpar, samt valmann.

Eggum var 4. representant frå Nordre Bergenhus amtStortinget i 1839. Han var medlem av næringskomite nr 1.

Han døydde på garden Åberge i Sogndal, der han vitja dotter si, som var gift og busett der.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914