Montereau-Fault-Yonne

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Montereau (fleirtyding).

Montereau-Fault-Yonne er ein fransk kommune i departementet Seine-et-Marne i regionen Île-de-France.

Montereau-Fault-Yonne
kommune
Våpenskjold
Land  Frankrike
Region Île-de-France
Distrikt Seine-et-Marne
Areal 50,12 km²
Folketal 16 573
Kart
Montereau-Fault-Yonne
48°22′59″N 2°56′53″E / 48.383055555556°N 2.9480555555556°E / 48.383055555556; 2.9480555555556
Wikimedia Commons: Montereau-Fault-Yonne

Kommunen er også kjend som Montereau, eit namn han deler med ein annan kommune i Loiret og med Montereau-sur-le-Jard i Seine-et-Marne. Byen har namn etter eit kapell ved møtestaden mellom Seinen og elva Yonne, avleidd frå Monasteriolum ('lite kloster'). «Fault-Yonne» viser til korleis Yonne fell inn i Seinen på staden. Eit tidlegare gallo-romersk namn på byen var «Condate».[1]

Montereau, møtestaden mellom Seinen og Yonne. Postkot frå 1920-talet.

Historie endre

Montereau-området har vore folkesett i minst 6000 år. Byen voks fram rundt eit kloster grunnlagd på 500-talet, med ein økonomi som også bygde på korn- og svinemarknader.

Byen blei gjeven av grev Renard de Sens til grev Eudes av Blois etter at denne hadde gjeve han ly då han blei jaga av kongelege soldatar i 1015. I 1026 bygga hertug Raynard av Sens eit slott her. Kongen av Navarra, Karl II, hadde arva retten til herredøme over byen, men tapte området til den framtidige Karl V av Frankrike i 1359.

Johan den uredde, hertug av Burgund og fransk regent, blei drepen på bybrua i Montereau under det han oppfatta som eit diplomatisk møte med den framtidige franske kongen Karl VII. Sonen til Johan, Filip III av Burgund, tok byen i 1420 med engelsk støtte. Byen blei verande på hans hender i åtte å før Karl VII tok han tilbake etter ei lang omleiring.

14. februar 1814 var Montereau åstad for ein av dei siste sigrane til Napoleon under napoleonskrigane.

I løpet av 1800-talet blei Montereau ein industristad med glas- og fajanseverk og kjemisk industri. Byen fekk jernbanesamband med Troyes i 1848, og til Paris i 1849. Byen voks kraftig på 1950-talet då det blei bygd ei rekkje nye bustader her.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Paul Quesvers, 1864. Oppgjeve av Fransk Wikipedia.