Montevarchi

kommune i Italia

Montevarchi er ein by og ein kommune i provinsen Arezzo i Toscana i Italia. Kommunen har 24 000 ibuarar og eit areal på 56,8 km². Byen ligg ved sørbreidda av elva Arno, i eit dalføre i den øvre delen av elva, 144 meter over havet.

Montevarchi

Byen voks fram på 1100-talet, kringom eit benediktinar-kloster. Montevarchi er kjend for sin historiske produksjon av filthattar; sko- og klesindustrien har vore ei stor næring til denne tid.

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre