Benediktinarordenen

Benediktinarordenen er ein katolsk klosterorden som reknar den heilage Benedikt frå Nursia (som skal ha levd frå 480 til 547) som sin grunnleggar. Sjølv om den heilage Benedikt frå Nursia nok aldri skipa ein munkeorden, skal det ha vore han som skreiv Benedikts regel, sjølve grunnlaget for læra og praksisen til benediktinarordenen. Benediktinarmunkane vart også kalla svartmunkar på grunn av den svarte munkehabitten.

Benediktinarmunkar som syng vesper

Benedikts regel endre

Benedikts regel, som er skriven på latin, byr munkane og nonnene å leve i teneste til Gud og nesten sin. Dei skal vere kyske og lyde leiaren sin. Dei kan ikkje eige noko, men skal ha nok mat, søvn og drikke, også vin der det er tilgjengeleg.

Historie endre

Benedikts regel skal fyrst ha vore innført ved den heilage Benedikt sitt eige kloster, Monte Cassino. Derifrå skal regelen ha spreidd seg til andre kloster. Dei ulike benediktinarklostera var i stor grad sjølvstyrte eininger. På 800-talet var benediktinerordenen den vanlegaste klosterordenen i Vest-Europa. Etter reformasjonen og den franske revolusjonen var benediktinarordenen nesten heilt borte. I dag er ordenen igjen på frammarsj over store delar av verda.

Norske bendiktinarkloster endre

Kjende norske benediktinarkloster i mellomalderen var mellom andre Selje kloster på øya Selja ved Stad og Munkeliv klosterNordnes i Bergen.

Bakgrunnsstoff endre