Monti Lepini er ei fjellkjede i Antiappenninane i Lazio sentralt i Italia. Ho ligg mellom dei to provinsane Latina og Roma. Fjellkjeda grenser i nord til Colli Albani, i aust til Ciociaria, i sør til Monti Ausoni og i vest til Agro Pontino. Den høgaste fjelltoppen er Monte Semprevisa (1 536 m).

Utsyn over Monti Lepini

Namnet kjem truleg frå det latinske lapis (stein), som referer til kalksteinsbergarten som fjellet består av. I antikken vart området busett av volksarar.

Hagane i Ninfa ligg ved Monti Lepini og det finst òg mange grotter her. Av fugle- og dyreliv finn ein vandrefalk, gåsegribb og gråulv.

Kjelder endre

  • Stefano Ardito (1999). A piedi nel Lazio. Subiaco. 
  • 41°35′N 13°00′E / 41.583°N 13.000°E / 41.583; 13.000