Montreal - April 9th 1977
Montreal - April 9th 1977 Konsertalbum av Tangerine Dream | ||
Utgjeve | April 2004 | |
Innspelt | 9. april 1977 | |
Spelestad | Place des Arts i Montreal i Canada | |
Sjanger | ||
Lengd | 2:06:26 | |
Selskap | TDC | |
Produsent | Edgar Froese | |
Tangerine Dream-kronologi | ||
---|---|---|
Aachen - January 21st 1981 (2004) |
Montreal - April 9th 1977 | Paris - February 2nd 1981 (2004)
|
Montreal - April 9th 1977 er det 83. albumet totalt og det 15. konsertalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i april 2004 som eit dobbeltalbum.[1] Dette var det andre av i alt ni album i den såkalla Bootmoon-serien til bandet, som i stor grad bestod av piratkopiopptak frå publikum. Alle desse platene vart berre utgjeve i eit avgrensa opplag på 10 000 eksemplar og selde til ein ganske høg pris.[1]
Materialet på dette albumet er identisk til piratkopiplata Tangerine Tree Volume 18: Montreal 1977 og vart spelt inn 9. april 1977 i Montreal i Canada. Ved ein feil inneheld den andre plata på albumet musikken meint for andreplata av Aachen - January 21st 1981 og motsett. Denne feilen vart sidan retta av plateselskapet. Innhaldet under syner det korrekte innhaldet.
Innhald
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «First Movement» | 19:12 |
2. | «Second Movement» | 23:42 |
3. | «Third Movement» | 24:18 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Fourth Movement» | 23:40 |
2. | «Fived Movement» | 11:33 |
3. | «Montreal 77, Part Five» | 11:33 |
4. | «Sixth Movement» | 12:28 |
Medverkande
endre- Edgar Froese – klaverinstrument
- Chris Franke – klaverinstrument
- Peter Baumann – klaverinstrument
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Montreal - April 9th 1977». Voices in the Net. Henta 22. juli 2020.