Monument av Ultravox

Monument - The Soundtrack
Konsertalbum av Ultravox
Utgjeve 10. oktober 1983
Innspelt Hammersmith Odeon i desember 1982
Sjanger Rock, elektronisk
Selskap Chrysalis
Produsent John Hudson
Ultravox-kronologi 
Quartet
(1982)
Monument - The Soundtrack Lament
(1984)


Monument er eit konsertalbum av det britiske bandet Ultravox, gjeve ut i 1983. Konserten som albumet er henta frå var tòg gjeven ut på ein video med same namn, spelt inn i Hammersmith Odeon i London i 1982 på «Monument»-turneen. Albumet nådde niandeplassen på den britiske albumlista og selde til gullplate i Storbritannia i januar 1984 for 100 000 selte eksemplar.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars [1]

Opningssporet er ikkje live og er identisk til versjonen ein finn som B-side på singelen «Hymn».

Albumet kom ut på CD på ny i 1999 og vart utvida, med alle songane frå videoen (men framleis ikkje heile konserten).

Monument kom ut på ny igjen i 2009 i ei innpakning med både CD og DVD.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Warren Cann, Chris Cross, Billy Currie og Midge Ure.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Monument»3:15
2.«Reap the Wild Wind»4:11
3.«The Voice»6:54
Side to
Nr.TittelLengd
4.«Vienna»5:24
5.«Mine For Life»4:40
6.«Hymn»5:40
CD-utgåva frå 1999
Nr.TittelLengd
1.«Monument»3:15
2.«Reap the Wild Wind»4:10
3.«Visions In Blue»4:38
4.«The Voice»6:51
5.«Vienna»5:23
6.«Passing Strangers»5:28
7.«Mine For Life»4:25
8.«Hymn»5:40
2009-utgåva
Nr.TittelLengd
1.«Monument»3:15
2.«Reap the Wild Wind»4:10
3.«Visions In Blue»4:41
4.«The Voice»6:50
5.«Vienna»5:23
6.«Passing Strangers»5:12
7.«Mine For Life»4:38
8.«Hymn»5:46
9.«The Song (We Go)»5:12

Medverkande endre

Ultravox
Andre medverkande

Kjelder endre

  1. Badgley, Aaron. Monument av UltravoxAllmusic