Midge Ure

James «Midge» Ure fødd 10. oktober 1953, bestre kjend som Midge Ure, er ein skotsk musikar, songar-låtskrivar og produsent. Artistnamnet hans, Midge, er namnet hans Jim, fonetisk baklengs.

Midge Ure
Midge Ure 2004-10-26.jpg
Ure i 2004
Fødd10. oktober 1953 (67 år)
FødestadCambuslang i Lanarkshire i Skottland
FødenamnJames Ure
AliasMidge Ure
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1972
Sjanger
InstrumentVokal, gitar, klaverinstrument, synthesizer
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarSlik, Rich Kids, Misfits, Visage, Thin Lizzy, Ultravox, Band Aid
PlateselskapEMI
Verka somMusikar, songar-låtskrivar, produsent
Gift medAnnabel Giles
Prisaroffiser av Den britiske imperieordenen, honorary doctor of the University of Bath, æresdoktor ved University of Glasgow, æresdoktor ved University of Edinburgh

Ure hadde særskild suksess i 1970- og 1980-åra med band som Slik, Thin Lizzy, Rich Kids og Visage, og var mest kjend som frontmann i Ultravox. I 1984 var Ure medlåtskrivar på og produserte den veldedige singelen «Do They Know It's Christmas?», som selde 3,7 millionar eksemplar i Storbritannia. Songen er den nest mestselde singelen i Storbritannia gjennom tidene.[1] Ure var med å organisere Band Aid, Live Aid og Live 8 med Bob Geldof. Han har òg tent som ambassadør for Save the Children.

Ure har produsert og skrive fleire andre synthpop/new wave-hitsinglar i 1980-åra, som «Fade to Grey» (1980) av Visage og Ultravox-songane «Vienna» (1980) og «Dancing with Tears in My Eyes» (1984).[2] Ure fekk den første solohitten sin i Storbritannia i 1982 med «No Regrets». I 1985 gav han ut det første soloalbumet sitt, The Gift som nådde andreplassen på UK Albums Chart og gav han ein førsteplass i Storbritannia med «If I Was». Ure var òg medlåtskrivar på Phil Lynott sin «Yellow Pearl», som var kjenningsmelodi for Top of the Pops i det meste av 1980-åra.

SolodiskografiEndra

AlbumEndra

År Album UK[3] US Label Catalogue Notes
1985 The Gift 2 Chrysalis 0946 CCD 1508
1988 Answers to Nothing 30 88 Chrysalis CCD 1649
1991 Pure 36 BMG 261,922
1996 Breathe 95 BMG 74321346292
2000 Went to Coney Island on a Mission from God... Be Back by Five EvenMore Entertainment Instrumental soundtrack.
2000 Move Me Arista 74321 77290 2
2008 "10" Hypertension HYP 8264 Cover versions album.
2014 Fragile 66 Hypertension Music HYP 14302
2017 Orchestrated 33 BMG Rights Management 4050538344417
2019 Soundtrack: 1978–2019 75 Chrysalis

SinglarEndra

Singel År UK US US
Alt
US
Main
Album
«No Regrets» 1982 9
«After a Fashion» (med Mick Karn) 1983 39
«If I Was» 1985 1 The Gift
«That Certain Smile» 28
«Wastelands» 1986 46
«Call of the Wild» 27
«Answers to Nothing» 1988 49 26 Answers to Nothing
«Dear God» 55 95 4 6
«Cold, Cold Heart» 1991 17 12 Pure
«I See Hope (In the Morning Light)»
«Breathe» 1996 70 Breathe
«Guns and Arrows» 166
«You Move Me» 2001 Move Me
«Beneath a Spielberg Sky»

KjelderEndra

  1. Sedghi, Ami (4. november 2012). «UK's million-selling singles: the full list». The Guardian (London). Henta 20. april 2013. 
  2. «Midge Ure: Music's quiet man». BBC News (London). 10. juni 2005. Henta 4. september 2020. 
  3. «Midge Ure | full Official Chart history». Official Charts Company. Henta 5. oktober 2019. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Midge Ure