Mordechai Gebirtig

polsk komponist og poet

Mordechai Gebirtig (4. april 18774. juni 1942), fødd Mordekhai Bertig i Kraków i det noverande Polen, var ein jødisk poet og songskrivar, og han blir sedd på som ein av dei viktigaste og mest folkekjære forfattarane av songar og dikt på jiddisch.

Mordechai Gebirtig

Statsborgarskap Polen, Den andre polske republikken
Fødd 4. mai 1877
Kraków
Død

4. juni 1942 (65 år)
Krakóws ghetto

Yrke lyrikar, komponist, snikkar
Politisk parti Bund
Signatur
Mordechai Gebirtig på Commons

I dag er Gebirtig kan hende mest kjend for songen «Es brent» ('Det brenn'), skriven i 1938 som reaksjon på pogromen i shtetlen (småbyen) Przytyk i 1936. Songen kan òg sjåast som eit varsku i høve den komande katastrofen kjend som Holocaust. Denne songan har sidan i opphavleg jiddisch form eller hebraisk omsetjing vorte bruka mykje under minnesmarkeringar for Holocaust.

Mordecai Gebirtig var fødd i Kraków i det som da var stormakta Austerrike-Ungarn og budde i det jødiske arbeidarkvarteret der heile livet. Det var òg der han vart skoten av ein nazist på den illgjetne blodige torsdagen 4. juni 1942. Han levde elles av å vere møbelarbeidar; dikting, musikk og teater var berre attåt.

Virke som diktar endre

Frå 1906 var han medlem av eit jødisk amatørteater i Kraków. Han skreiv òg songar og teatermeldingar for Der sotsial-demokrat, det jiddischspråklege organet til det (austerrikske) sosialdemokratiske partiet, som han høyrde til. Dette partiet si avdeling i Galizia var i praksis ein seksjon av Bund, og det vart etter første verdskrigen og opprettinga av den andre polske republikken formelt slått saman med det polske Bund, som vart det store partiet til det polske jødiske proletariatet. Det kjempa for jødisk kulturell autonomi, bygd på sekularisme og jiddisch språk i eit demokratisk, sosialistisk Polen.

Det var i eit slikt miljø Gebirtig utvikla seg, oppmuntra av skribentar og jiddisch-aktivistar som Avrom Reyzn.

Gebirtig var fem år i den austerriksk-ungarske hæren, og det var ikkje før i 1920, under den andre polske republikken, at han gav ut den første songsamlinga si, med den talande tittelen Folkstimlekh («frå folket»). Songane hans spreidde seg raskt, og mange såg dei som reine folkesongar. Bruka av kjende jiddisch-artistar som Molly Picon, vart songane til Gebirtig vanlege innslag i mange slags teaterframsyningar på jiddisch verda over.

Ein av dei kunstnarane som formidlar Gerbirtig sine dikt og songar, er den norske artisten Bente Kahan.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre