Ein snikkar er ein handverkar som driv fint arbeid med tre, til forskjell frå ein tømrar, som gjer grovare arbeid. Snikkarfaget er eit svært gammalt yrke. Tradisjonelt har ein delt det inn i møbel-, maskin- og bygningssnekring; i dag er det delt inn i møbelsnekring og i trevare- og bygginnreiing. Snikkarar kan òg spesialisera seg innan mindre område, som treskjering, tredreiing, bøkkarfag eller båtbyggjing.

Snikkarar avbilda i eit egyptisk gravkammer.
Snikkar i verkstaden sin.
Foto: Tom Allen

Snikkarar utfører hovudsakleg arbeid med inventar i hus — altså møbel, kjøken, bad, vindauge, dører og trapper. Dei jobbar sjeldan på byggeplassen, men gjer arbeidet sitt på ein snikkarverkstad. Grensa mellom kva som er omfatta av snikkarfaget og kva som er tømring er omstridd, og faga går framleis i noko grad over i kvarandre.

Snikkaropplæring i Noreg endre

Frå og med 2006 startar snikkaropplæringa på vidaregåande skole Vg1 Design og handverk eller Vg1 Bygg- og anleggsteknikk alt etter kva fagområde ein vil utdanna seg i, eller Vg1 Teknikk og industriell produksjon for ein som vil bli industriell møbelsnikkar. På Vg2 nivå kan elevane frå dei ulike grunnkursa velja blant fleire spesialiseringar. Etter to års skulegang må dei gå to år i lære før dei kan avleggja fagprøve eller sveineprøve. Etter to nye år kan dei så ta meisterprøven.

Kjende snikkarar endre

 
Christ in parents' house av John Everett Millais (1850).

Bakgrunnsstoff endre