Morfofonologi er studiet av vekslingarfonologiske vilkår i den fonemiske forma til morfem eller røter og affiks. I tillegg blir termen blir nytta som namn på sjølve vekslingane.

Døme endre

Det regelrette engelske fleirtalssuffikset som blir skrive -s (som i dogs) og -es (som i watches) førekjem i tre fonemiske åtskilde variantar, /z/, /s/ og /ɪz/:

  • /ˈdɒg/ – /ˈdɒg-z/ 'hund' – 'hundar'
  • /ˈkæt/ – /ˈkæt-s/ 'katt' – 'kattar'
  • /ˈwɒʧ/ - /ˈwɒʧ-ɪz/ 'klokke' – 'klokker'

Vekslinga mellom /z/, /s/ og /ɪz/ skjer på fonologiske vilkår, av to grunnar:

  1. Valet mellom /z/, /s/ og /ɪz/ er styrt av omgjevnader som kan definerast på ein fonologisk plausibel måte.
  2. Forma til /z/, /s/ og /ɪz/ gjev meining fonologisk på bakgrunn av omgjevnadene.

At den fonologiske omgjevnaden kan definerast på ein fonologisk plausibel måte, inneber at kvar omgjevnad kan definerast som ein naturleg klasse:

  1. /ɪz/ førekjem etter stammer som endar på eit segment som er ein sibilant.
  2. /s/ førekjem etter stammer som endar på eit ustemt segment som ikkje er ein sibilant.
  3. /z/ førekjem etter stammer som endar på eit stemt segment som ikkje er ein sibilant.

At forma til /z/, /s/ og /ɪz/ gjev meining fonologisk på bakgrunn av omgjevnadene, inneber at skilnadene mellom dei tre variantane gjev meining på grunnlag av engelsk fonotaks:

  1. /s/ og /z/ samsvarar med omsyn til stemdheit med føregåande segment. /z/ kunne ikkje ha førekome i staden for /s/ utan å gje fonotaktisk umogelege ord, som */ˈkæt-z/
  2. /ɪz/ står i ein omgjevnad der /s/ og /z/ ville gje fonotaktiske umogelege ord som */ˈwɒʧ-s/ og /ˈwɒʧ-z/, med to sibilant rett etter kvarandre.

Skiljet mellom morfofonologi og andre lingvistiske disiplinar endre

Morfofonologien grensar opp mot allofoniske vekslingar og morfologi.

Analyse av morfofonologiske fenomen endre

Ein kan skilje mellom minst tre måtar å analysere morfofonologiske fenomen på:

  1. Prosess-analyse
  2. Distribusjons-analyse
  3. Nettverks-analyse

Prosess-analyse endre

Det finst to hovudvariantar av prosess-analysen:

  1. Pāṇiniansk analyse
  2. Prisciansk analyse

Pāṇiniansk analyse endre

Den pāṇinianske analysen, oppkalla etter den indiske sanskrit-grammatikaren Pāṇini, inneber å postulere ei abstrakt baseform for kvart morfem, pluss reglar som skaper dei ulike variantane.

Prisciansk analyse endre

Den priscianske analysen, oppkalla etter den latinske grammatikaren Priscianus, inneber at morfofonologien ikkje blir skild frå morfologien. Mellom bøyingsformene i eit bøyingsparadigme blir det peika ut ei leieform, pluss at det blir formulert reglar for å danne dei resterande formene. For regelrette engelske substantiv ka det gjerast slik:

  • Eintalsforma er leieform.
  • Fleirtalsformene blir danne ved hjelp av desse reglane:
  1. Legg /ɪz/ til ei eintalsform som endar på ein sibilant.
  2. Legg /z/ til ei eintalsform som endar på eit stemt segment som ikkje er sibilant.
  3. Legg /s/ til ei eintalsform som endar på eit ustemt segment som ikkje er sibilant.