Morgon og kveld

Morgon og kveld er ein roman av den norske forfattaren Jon Fosse, utgjeven i 2000.

Som med dei fleste av tekstene til Fosse er det lite ytre handling. Hovudpersonen Johannes blir følgd i to fasar av livet. I den første delen ser vi fødselen, frå faren sin synsvinkel. Den største delen av boka utspelar seg likevel etter Johannes er død. Den lågmælte dialogen med vennen Peter, og dei to mennene sine indre monologar fyller mykje av teksten. I løpet av dagen tek Peter vennen med til stader og hendingar som har spela ei rolle i livet til Johannes, som ein oppsummerande revy over livet, og som ei førebuing til døden. Begge dei to mennene er fiskarar, og romanen går føre seg i ei ubestemt tid som både kan vere nær utgjevingåret, og kanskje kan ligge 30-40 år attende i tid.[1] Romanen er skriven i rytmiske intervall, der teiknsetjing som komma, punktum og spørjeteikn, er med på å underbygge og forsterke meining.[2]

Romanen si interesse for eit såvidt religiøst tema som livet etter døden vert understreka av personnamna: Peter, Johannes, Jakob, Anna og Marta. Personene tar ikkje parti for noko bestemt livssyn, men meiner at deira gudsbilete er annleis enn «dei gudelege» sitt. Dag og Tid sin meldar Ole Karlsen peikar på at boka er «ei slags dødebok om Johannes si dødsreise».[3]

Morgon og kveld blei nominert til Nordisk råds litteraturpris og Kritikerprisen då ho kom ut. Fosse mottok også Melsom-prisen for boka. Ho er blitt karakterisert som «et av høydepunktene i Jon Fosses forfatterskap» og i ein Dagbladet-serie sommaren 2006 blei ho kåra til ein av dei 25 beste romanane frå dei siste 25 år.[4]

KjelderEndra

.


  1. norden.org: Kandidater til Nordisk råds pris
  2. Hovedoppgåve av Veronika Linn Nyvoll om romanen, samandrag, samandrag
  3. Dag og Tid, 31.8.2000: Meisterleg og gripande Sitat: «Likevel er romanstrukturen svært så kompleks, og særleg i andre del - som er ei slags dødebok om Johannes si dødsreise - er den mantraaktige, bibelinspirerte, manande Fossestilen - gjentakingane - meisterleg balansert i ei skildring som både er tungt realistisk jordisk og samstundes lett og skøyrt “overjordisk” - nett slik hovudpersonen opplever dei heimslege tinga rundt seg.»
  4. Dagbladet, 2.8.2006: Jon Fosses er nummer fire Sitat: «Det er det lavmælte som kjennetegner Jon Fosses litteratur. Fosses karakterer bruker få ord for å kommunisere. Ordene de bruker, er helt vanlige og dagligdagse, og setningsoppbyggingen er ikke spesielt komplisert. Fosse-karakterene er heller ikke ekstraordinære personer med suverene egenskaper eller personer som har usedvanlige kunnskaper om sære emner folk flest knapt har hørt om. De er rett og slett enkle mennesker som lever et stille liv, og som er opptatt av det som skjer i hverdagen. Likevel er det gjennom hverdagen hans enkle og små personer blir store ved at de møter de viktige og grunnleggende spørsmålene i livet, som hvordan vi skal leve som mennesker i denne verden og med hverandre.»