Jon Fosse

norsk forfattar og dramatikar

Jon Olav Fosse (fødd 29. september 1959) er ein norsk forfattar, dramatikar og statsstipendiat frå 2001.

Jon Fosse
Writer Jon Fosse.jpg
Jon Fosse
Nasjonalitet Norsk
Fødd 29. september 1959 (63 år)
Haugesund
Periode 1983–
Debut Raudt, svart
Jon Fosse på Commons

LivEndra

Fosse vart fødd i Haugesund, men voks opp i Strandebarm i Kvam herad i Hardanger. Seinare flytte han til Bergen. Han vart cand. philol. i 1987 med grunnfag i sosiologi og filosofi, og hovudfag i allmenn litteraturvitskap. Han debuterte i 1983 med romanen Raudt, svart. Det første skodespelet, Og aldri skal vi skiljast, kom i 1994. Fosse skriv på nynorsk.

Jon Fosse har hatt ein stor produksjon av romanar, noveller, dikt, barnebøker, essay og skodespel. Dessutan har han omsett eller skrive versjonar av ei rekkje teaterstykke.

Utgivingane hans er omsette til fleire språk, nokre av dei til over førti. Fosse sine skodespel blir meir og meir kjende utanfor Noreg, det er til no snakk om kring åtte hundre premierar, og det har mellom anna vore framsyningar i Tyskland, Frankrike, Japan og Spania. Han er den mest spelte norske skodespelforfattaren etter Ibsen.

2011 fekk Jon Fosse tildelt statens æresbustad Grotten.

Jon Fosse konverterte til katolisismen i 2013.

I 2015 fekk han Nordisk råds litteraturpris for Andvake-trilogien.[1]

Jon Fosse har fått Nynorsk litteraturpris tre gonger : i 1992, i 2002 og i 2019.

VerklisteEndra

ProsaEndra

  • 1983 - Raudt, svart
  • 1985 - Stengd gitar
  • 1987 - Blod. Steinen er
  • 1989 - Naustet
  • 1991 - Flaskesamlaren
  • 1992 - Bly og vatn
  • 1993 - To forteljingar
  • 1994 - Prosa frå ein oppvekst
  • 1995 - Melancholia I
  • 1996 - Melancholia II
  • 1998 - Eldre kortare prosa
  • 2000 - Morgon og kveld
  • 2004 - Det er Ales
  • 2007 - Andvake (Forteljing)
  • 2012 - Olavs draumar (Forteljing) (framhald av Andvake)
  • 2014 - Kveldsvævd (framhald av Olavs draumar)
  • 2015 - Levande stein Kortare prosa og ei hymne
  • 2019 - Det andre namnet Septologien I–II. Roman
  • 2020 - Eg er ein annan Septologien III–V. Roman
  • 2021 - Eit nytt namn. Septologien VI-VII

LyrikkEndra

  • 1986 - Engel med vatn i augene
  • 1990 - Hundens bevegelsar
  • 1992 - Hund og engel
  • 1995 - Dikt 1986–1992
  • 1997 - Nye dikt 1991–1994
  • 2001 - Dikt 1986–2000
  • 2003 - Auge i vind
  • 2013 - Stein til stein
  • 2015 - Lysande mørker
  • 2016 - Poesiar. Etter Henrik Wergeland

EssayEndra

  • 1989 - Frå telling via showing til writing
  • 1999 - Gnostiske essay
  • 2011 - Essay
  • 2014 - Når ein engel går gjennom scenen og andre essay

BarnebøkerEndra

  • 1989 - Uendeleg seint, saman med Alf-Kåre Berg
  • 1990 - Kant, saman med Roj Friberg
  • 1993 - Dyrehagen Hardanger
  • 1994 - Vått og svart, saman med Akin Düzakin
  • 1995 - Nei å nei (Hundemanuskripta; 1)
  • 1996 - Du å du (Hundemanuskripta; 2)
  • 1997 - Fy å fy (Hundemanuskripta; 3)
  • 2000 - Søster
  • 2009 - Spelejenta

Gjendiktingar og omsetjingarEndra

  • 2013 – Soga om Fridtjov den Frøkne (fornaldersoge)
  • 2014 – Fridtjov & Ingebjørg (fornaldersoge)
  • 2015 – Soga om Torstein Vikingsson (fornaldersoge)
  • 2016 – Forvandlinga og andre forteljngar (Franz Kafka)
  • 2016 – Dei døde (James Joyce)
  • 2018 – Fyrste kjærleik og annan kortare prosa (Samuel Beckett)
  • 2018 – Lenz (Georg Büchner)
  • 2020 – Den vesle prinsen (Antoine de Saint-Exupéry)

SkodespelEndra

Urpremierar

  • 1994 - Og aldri skal vi skiljast. Den Nationale Scene, Bergen, 1994
  • 1995 - Namnet, Den Nationale Scene, Bergen, 1995
  • 1996 - Nokon kjem til å komme, Det Norske Teatret, Oslo, 1996
  • 1996 - Barnet, Nationaltheatret, Oslo, 1996
  • 1997 - Mor og barn, Nationaltheatret, Oslo, 1997
  • 1997 - Sonen, Nationaltheatret, Oslo, 1997
  • 1997 - Natta syng sine songar, Rogaland Teater, Stavanger, 1997
  • 1999 - Gitarmannen, monolog, Cinnober Teater, Göteborg, 1999
  • 1999 - Ein sommars dag, Det Norske Teatret, Oslo, 1999
  • 1999 - Medan lyset går ned og alt blir svart, Teater Ibsen, Skien, 1999
  • 1999 - Draum om hausten, Nationaltheateret, Oslo, 1999
  • 2000 - Besøk, Den Nationale Scene, Bergen, 2000
  • 2000 - Sov du vesle barnet mitt, Theatre de Folle Pensée, Frankrike, 2000
  • 2000 - Vinter, Rogaland Teater, Stavanger, 2000
  • 2000 - Ettermiddag, Teaterhögskolan i Stockholm, 2000
  • 2001 - Vakkert, Det Norske Teateret, Oslo, 2001
  • 2001 - Dødsvariasjonar, Nationaltheateret, Oslo, 2001
  • 2002 - Jenta i sofaen, Teaterfestivalen i Edinburgh, 2002
  • 2002 - Lilla, The Royal National Theatre i London, 2003
  • 2004 - Suzannah, NRK Fjernsynet, 2004
  • 2004 - Dei døde hundane, Rogaland Teater, Stavanger, 2004
  • 2004 - Sa ka la, Aarhus Teater, Aarhus, 2004
  • 2005 - Varmt, Deutsches Theater, Berlin, 2005
  • 2005 - Svevn, Nationalteatret, Oslo, 2005
  • 2006 - Rambuku, Det Norske Teatret, Oslo, 2006
  • 2007 - Eg er vinden, Den Nationale Scene, Bergen, 2007
  • 2008 - Desse auga, Rogaland Teater, Stavanger, 2008
  • 2009 - Jente i gul regnjakke, Dramaten, Stockholm, 2009
  • 2014 - Hav, Bergen, 2014
  • 2015 - Tre librettoar (Melancholia, Garnier-operaen, Paris, 2008; For seint, Beijing, 2013; Morgon og kveld, Royal Opera, London, 2015)
  • 2017 - Edda, scenisk versjon, Det Norske Teatret, Oslo, 2017
  • 2020 - Slik var det, monolog, Den Nationale Scene, Bergen, 2020

Prisar og utmerkingarEndra

ReferansarEndra

  1. NRK Hordland
  2. Fransk heder til Fosse, nrk.no, 9. desember 2003, besøkt 13. desember 2012.
  3. [1]
  4. NTB (28. april 2012). ««Målprisen til Jon Fosse»». aftenposten.no. Henta 29. april 2012. 

BakgrunnsstoffEndra