Sjå òg Moroni (fleirtyding)
Plassering av Moroni på Grande Comore.

Moroni (arabisk: موروني) er den største byen på Komorane og sidan 1962 også hovudstad. Han har nær 37 000 innbyggjarar. Byen ligg på vestkysten av øya Grande Comore.

KommunikasjonEndra

Moroni har ein flyplass, Moroni Hahaya international airport (IATA-kode: HAH). Han har òg ei hamn med samband til dei andre Komorane og Madagaskar, men er for grunn til store skip som i staden går til Mutsamudu på naboøya Anjouan.

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.