Morten Bing

norsk musikar og museumsmann

Morten Bing (fødd 14. januar 1950) er ein norsk musikar og kulturhistorikar. Morten Bing spelar ei rekkje instrument, mellom anna gitar, tenorgitar, 5-strengs banjo, mandolin, oktav-mandola, bouzouki, English guitar og Appalachian dulcimer. Han tok i 1973 initiativet til folkrockgruppa Folque, og var med på alle plateinnspelingane til gruppa.

Morten Bing
Fødd1950
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkemusikar, gitarist

Bing er cand.philol. med hovudfag i etnologi og førstekonservator NMF. Han arbeidde fram til 2020 ved Norsk Folkemuseum der han 2000-2015 var leiar for Forskings- og utstillingsseksjonen, 2016-2019 leiar for Kulturhistorisk seksjon. Hovudoppgåva hans i etnologi «Aldri forglemmer jeg dagene der, – ut på Presteskjær!» (1990), tok for seg ferielivet på eit godtemplarungdomssommarheim. Han har seinare skrive boka Østkanthjemmene og Østkantutstillingen (2001) om buskikkane til arbeidarklassen i Oslo i mellomkrigstida og om bustadreformatoren Nanna Broch.

Han har vore prosjektleiar for ei rekkje utstillingar ved Norsk Folkemuseum, blant anna «Back to the 80s» (2009) og «50-talet – drøm eller virkelighet» (2010).

Frå 2001 til bygarden var ferdig innreidd i 2009 var han prosjektleiar for «OBOS-gården – Wessels gate 15», og er òg medforfattar (saman med Birte Sandvik og Torgeir Kjos) av boka En historiebok i tre etasjar (Cappelen Damm 2011).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre