Bouzouki er eit gresk strengeinstrument. Bouzoukien, som kan klassifiserast som ein langhalsa lutt, har tre eller fire kor (strengepar). Bouzoukien med fire kor blir normalt stemt Cc Ff AA dd. Han er eit viktig instrument i gresk rebetiko- og laïko-musikk

Bouzouki

Klassifiseringluttinstrument med skålforma kropp og hals
Hornbostel-Sachs klassifisering321.321

Ordet kjem frå moderne gresk, μπουζούκι, avleidd frå tyrkisk, bozuk ('øydelagt' eller 'omforma')[1] eller büzük ('innsnevra') – og viser til utviklinga av instrumentet, som er ei vidareutvikling av strengeinstrumenta saz og bağlama. Mandola er eit nærskyldt instrument som bidrog til utviklinga av bouzoukien. Instrument brukte til rebetikomusikk hadde som regel tre kor med tre strengepar, men på 1950-talet blei det utvikla ein variant med fire kor som blei utbreidd av Manólis Kiótis.[2]

På midten av 1960-talet blei bouzoukien introdusert til Irland og teken opp i den irske folkemusikk-tradisjonen. I motsetnad til gresk bouzouki er irsk bouzouki flatbotna og blir stemt som ein oktavmandolin – 'G'G DD AA ee. Instrumentet spreidde seg til nordisk folkemusikk, og blei særleg gjort kjend i Sverige av Ale Möller.[3]

Litteratur endre

  • Tobe Richards: The Greek Bouzouki Chord Bible: CFAD Standard Tuning 1,728 Chords. Cabot Books, Bristol (UK) 2007. ISBN 978-0-9553944-8-5

Kjelder endre

  1. Musical Traditions, Issues 2–4, 1984, p. 19
  2. «Bouzouki name origin». Arkivert frå originalen 9. februar 2012. Henta 9. februar 2012. 
  3. «bouzouki». Store norske leksikon (på norsk). 12. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bouzouki
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.