Morten Thrane Esmark
Hans Morten Thrane Esmark (21. august 1801–24. april 1882) var ein norsk prest og mineralog, son av Jens Esmark[1] og bror av Laurits Martin Esmark. Han oppdaga og skildra ei rad nye mineral, mellom anna thoritt, som er det vanlegaste mineralet av thorium. Dette førte til at grunnstoffet thorium vart oppdaga.
Morten Thrane Esmark | |||
Fødd | 21. august 1801 Kongsberg kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 24. april 1882 Noreg | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | prest, geolog | ||
Barn | Birgitte Esmark |
Esmark var fødd i Kongsberg. Den engelske presten Richard Carter Smith møtte den unge Esmark i 1838 og skildra han som «en intelligent ung mann som er entomolog og ornitolog.»[2] Carter noterte at Esmark hadde ei insektssamling som omfatta 2000 artar og ei samling på 120 fugleartar (alle norske).
Kjelder
endre- ↑ «Morten Thrane Esmark». Store norske leksikon. Henta 3. november 2012.
- ↑ Smith, Richard Carter: Reise i Norge 1838. (Omsett frå handskrive manuskript.) Universitetsforlaget 1976, s.58.